Etter fleire år med dårleg vêr, peikar alt på at Sauda BCC i år får strålande forhold både i dag og i morgon. Elevar ved park- og frikøyringslinja til Sauda vidaregåande skule og frivillige har bygd fleire hopp ned frå Ravnafjell, som frikøyrarane kan nytte i konkurransen. Foto: Trond Carsten Øye.
Etter fleire år med dårleg vêr, peikar alt på at Sauda BCC i år får strålande forhold både i dag og i morgon. Elevar ved park- og frikøyringslinja til Sauda vidaregåande skule og frivillige har bygd fleire hopp ned frå Ravnafjell, som frikøyrarane kan nytte i konkurransen. Foto: Trond Carsten Øye.

Endeleg finvêr for Sauda BCC

Arrangøren jublar for forholda som ventar utøvarane i frikøyringskonkurransen, etter fleire år kor ein har vore uheldig med vêr og forhold.

– Dette er som å vinne i lotto. Nå har me hatt tre år med frykteleg dårleg vêr, så dette blir fantastisk. For løparane sin del er det på ein måte greitt uansett kva vêr det er, dei er vane med mykje forskjelleg. For rammene rundt arrangementet, publikum og alt dette her, så blir det ei heilt anna stemning med sol og opphaldsvêr, seier Gunnar André Gauthun, leiar for frikøyringsfestivalen Sauda Backcountry Challenge, som blir arrangert i dag og i morgon i Svandal.

Laurdag skal ungdommar, juniorar og seniorar køyre frå Ravnafjell, 983 meter over havet, medan seniorutøvarane i dag, fredag, etter planen skal køyre ned 1111 meter høge Vardanuten.

– Om seniorane skal køyre Vardanuten fredag, blir avgjort i kveld med omsyn til sikkerheita. Ravnafjell på laurdag er bankers. Då blandar me seniorane og juniorane, slik at juniorane får det same opplegget, forklarer Gauthun torsdag føremiddag.

Det er 82 påmelde til årets utgåve av Sauda BCC, som er både for skikøyrarar og snøbrettkøyrarar. Konseptet til Sauda BCC, kor ein bygger hopp i traséen ned Ravnafjell som utøvarane kan nytte seg av for å vise fram triks, er unikt i Norge i frikøyringskonkurransar.

Gauthun opplyser at dei raskt nådde taket dei hadde sett for deltakartalet.

– Det gjekk veldig fort, eigentleg fortare enn eg hadde venta. Med tanke på dei tre siste åra kor vêr og forhold har vore dårlege, så trudde eg det skulle vere meir jobb å få tak i løparane. Men dei er trufaste og kjem år etter år. Det er veldig kjekt for oss.

Sauda BCC er del av norgescupen for frikøyrarar, både for seniorar og juniorar. I tillegg har konkurransen status som ein Freeride World Qualifier, kor utøvarane får poeng som kan hjelpe dei til å kvalifisere seg til verdsmeisterskapet og Freeride World Tour.

Meteorologisk institutt freistar deltakarar og publikum med strålande sol både i dag og i morgon, og temperaturar rundt fem-seks varmegrader.

– Me har god kontroll på arrangementet, og forhåpentlegvis blir vêret slik dei melder. Når det gjeld forholda, så er det ikkje kjempemasse snø, men det er nok. Det har vore kaldt i fjella på nettene. Det gjer at det er litt hardt, men nå kjem plussgradene. Det gjer at me forventar påskesnø og fine køyreforhold både fredag og laurdag, seier Gauthun.