– Sjølvbetjeningsløysinga er heilt topp! Veldig praktisk når du bare skal ha eit par ting, skryt kunde Tona Rasmussen Birkeland. Om det var journalisten som distraherte henne slik at ho i farten gløymde å ta med kvitteringa som opnar porten ut frå kassen er uvisst, men butikksjef Ivar Bakka dukka i alle høve fram som troll av øskje for å hjelpa til då alarmen peip. Foto: Knut Atle M. Seim.
– Sjølvbetjeningsløysinga er heilt topp! Veldig praktisk når du bare skal ha eit par ting, skryt kunde Tona Rasmussen Birkeland. Om det var journalisten som distraherte henne slik at ho i farten gløymde å ta med kvitteringa som opnar porten ut frå kassen er uvisst, men butikksjef Ivar Bakka dukka i alle høve fram som troll av øskje for å hjelpa til då alarmen peip. Foto: Knut Atle M. Seim.

Extra-modernisering i mål

Har snudd om på butikken og som den første i Sauda innført sjølvbetjeningskassar.

Torsdag kunne Extra i Sauda feira at eit to månader lang ombyggingsarbeid var over. Regiondirektør Trygve Vikse og butikksjef Ivar Bakka kunne fornøgd konstatera at sluttresultatet var blitt så bra som dei hadde ønska. Regiondirektøren er full av lovord om den lokale Coop-butikken, som er ein av dei største på Haugalandet i sitt slag.

– Me er generelt veldig godt fornøgde med butikken her i Sauda og ser lyst på fortsettinga. Dei kan visa til god vekst, spesielt etter at ein bytte konsept til Extra. Me meiner det er ei god investering å gjennomføra ei slik oppgradering som den me nå er i mål med, seier Vikse, og skyt inn at han synest Ivar (Bakka, red. mrk) og gjengen hans gjer ein veldig god jobb med å driva forretninga.

– Ein flott gjeng. Stabile og med lang erfaring i gamet, slår han fast.

Coop flytta daglegvareforretninga til si nåverande plassering i 2008, den gongen som Mega-butikk.

– Etter drygt ti år var det på tida å modernisera og ta i bruk ny teknologi, seier Vikse.

Sjølvbetjening

For publikum handlar ny teknologi mellom anna at ein av fire kassar nå er bytta ut med fire sjølvbetjeningskassar. Her skannar kunden sjølv strekkodane på varene dei vil kjøpa og betaler med kort, heilt på eiga hand.

– Sjølvbetjeningskassane ser ut til å fungera fint så langt, seier Bakka, og legg til at han og kollegaene har sett positivt på at denne moderniseringa skulle komma.

– Me får fleire kassar totalt sett. Samtidig frigjer me personale til andre oppgåver i butikken, forklarer han.

– Frå utsida er det nærliggande å tru at ei slik automatisering vil føra til eit redusert behov for tilsette, kva med det?

– Me har ikkje budsjettert med noko nedbemanning, svarar Vikse, som kan vidare kan opplysa at  sjølvbetjeningskassar etter kvart kjem til å bli vanleg i alle Coop sine butikkar.

– Korleis er det med tryggleiken, er det ikkje veldig lett å snika med seg ei vare ein ikkje har betalt for med sjølvbetjeninsgløysinga?

– Erfaringa vår er at butikkar med denne løysinga ikkje er meir utsett for tjuveri enn andre butikkar. Me har kameraovervaking og  eit oppmerksamt personale, som både hjelper til og passer på, opplyser han.

For krevjande å stenga

Ombygginga har gått føre seg i om lag to månader. Dei siste vekene har det vore mykje arbeidsfolk på staden – og ein del rot. Spesielt i den fasen då kjøle- og frysediskar skulle skiftast ut.

– Det ville blitt for krevjande å stenga butikken over så lang tid som me måtte ha gjort. Folk har måtta tåla litt rot og støy, medgir Vikse.

Kundane har imidlertid verka å takla unntakstilstande godt.

– Interessa rundt det me driv med og tilbakemeldingane frå publikum er bare positive. Mange har gitt uttrykk for at dei synest meir synd på oss som arbeider her, smiler Bakka.

Det velger dei to å sjå på som eit signal om at saudabuen bryr seg om Coop-butikken sin.

– Folk i Sauda er veldig flinke til å støtta opp, slår Vikse fast, og det med godt belegg. Nyleg fekk saudabuar utbetalt over to millionar kroner i kjøpeutbytte frå Coop.

– Eg trur noko slikt som halvparten av befolkninga i Sauda er medlemmer her, seier Bakka.

Regiondirektør Vikse har fått med seg at veksten dei opplever lokalt kjem til tross for eit gradvis synkande folketal, men at eit aukande tal hyttefolk kompenserer for befolkningsnedgangen – og vel så det.

Ansiktsløftinga til butikken stipulerer han til å ha ein samla prislapp på ein stad mellom seks og åtte millionar kroner. Fleire av oppdraga har gått til lokale firma.

– Coop er jo eigd av kundane og då er det naturleg at me bruker ein del lokale leverandørar når det er muleg, opplyser Trygve Vikse, regiondirektør i Coop Sørvest SA.

Butikksjef Ivar Bakka på Extra Sauda og regiondirektør Trygve Vikse i Coop Sørvest SA kunne torsdag fornøgd konstatera at oppgraderinga av den lokale daglegvarebutikken var vel i hamn. Foto: Knut Atle M. Seim