Krev presisering av 20 års driftstid for grustak

I februar i fjor vedtok formannskapet å legga ut ei detaljregulering for grustak på Birkelandsmoen ut på høyring og offentleg ettersyn. Reguleringsplanen var utarbeidd av Norconsult på oppdrag for Brødrene Selvik, som grunna framtidige behov for massar ønskte å utvida det eksisterande grustaket dei i ei årekke har drive på staden.

Hausten 2017 kom det fram at entreprenørselskapet alt hadde utvida verksemda si utanfor gjeldande grenser, noko dei umiddelbart la seg flat for og beklaga.

I mai fremma Fylkesmannen motsegn mot planen. Slik dei såg det, var ikkje viktige forhold knytt til tilbakeføring, utforming og landskapstilpassing tilstrekkeleg sikra i dei framlagde dokumenta.

I løpet av februar og mars i år har Sauda kommune sendt over forslag til endringar for å imøtekomma ankepunkta frå Fylkesmannen og bede sistnemnde vurdera om dette er tilstrekkeleg til at dei kan trekka motsegna. Svaret er at ja, det kan dei, men på visse vilkår. Blant ankepunkta er at driftstida på 20 år er formulert meir som ei retningsline for sluttføringa og ikkje ei juridisk binding. Fylkesmannen meiner ei driftstid på 20 år er mykje sett i lys av storleiken på uttaksområdet. Dei kan likevel akseptera ei slik tidsavgrensing, sett at den blir formulert som ei forpliktande føresegn.