Moderat skogbrannfare

Brannsjef Inge Seim melder om at det nå er moderat skogbrannfare i Sauda-området.

­– Nå er det veldig tørt ute i terrenget. Det er mykje daudt gras og tørre kvister etter vinteren, og då blir det fort brannfarleg når me ikkje har nedbør, seier Seim.

Då Ryfylke snakka med Seim onsdag denne veka, låg skogbrannfaren i Sauda på nivå ”gult”, med tala 34-41 på skalaen for onsdag, torsdag og fredag. Over 60 blir rekna som stor skogbrannfare.

Brannsjefen minner om at det i Norge ikkje er tillate å tenna opp bål, grill og eingongsgrill i, eller i nærleiken av skog og anna utmark i perioden 15. april til 15. september.

– Forbodet gjeld med andre ord ikkje per i dag, men eg vil sterkt åtvara mot å bruka eld og varme i utmark nå. Dette bør ein absolutt unngå nå når det er så tørt ute, seier Seim.