Leif Sandnes (til venstre) og Eyvind Stueland (til høgre) i Stiftelsen Tveit-tunet skildrar pengestøtta dei får frå Sparebankstiftelsen Sauda og Sivert Sørnes som heilt fantastisk. Førsteprioritet blir å ta igjen noko av etterslepet og gjere taka tette.
Leif Sandnes (til venstre) og Eyvind Stueland (til høgre) i Stiftelsen Tveit-tunet skildrar pengestøtta dei får frå Sparebankstiftelsen Sauda og Sivert Sørnes som heilt fantastisk. Førsteprioritet blir å ta igjen noko av etterslepet og gjere taka tette.

Nå blir Tveit-tunet restaurert

Stiftelsen Tveit-tunet får 250 000 kroner av Sparebankstiftelsen. Pengane går til å sette i stand stovehuset.

Sparebankstiftelsen Sauda har kvart år sidan 2013 gitt ut pengar til lokale prosjekt som skal fremme allmennyttige formål. I årets tildeling gir dei ut drygt tre millionar kroner. I år er Stiftelsen Tveit-tunet blant mottakarane av pengestøtte.

– Del av berekraftig turisme

Det nye styret i stiftelsen har etter at det blei valt av kommunestyret jobba for å skape ein ny giv og engasjement rundt Tveit-tunet. Stiftelsen Tveit-tunet ved leiar Eyvind Stueland og nestleiar Leif Sandnes, opplyser at ein reknar med at prosjektet vil utløyse meir enn 1000 dugnadstimar. I finansieringsplanen til prosjektet reknar dei at kvar dugnadstime er verdt 300 kroner.

I deira budsjett for restaureringa av stovehuset ligg det inne 30 000 kroner til å byte vindauge, 50 000 kroner til byte av laftestokkar, 10 000 kroner til transport av materialane og 200 000 kroner til å leige inn tradisjonshandverkar for kurs og byggeleiing.

Det gir prosjektet eit budsjett på 250 000 kroner i utgifter, i tillegg til dugnadsarbeid til ein verdi rundt 300 000 kroner.

– Målet er å sette i stand stovehuset. Det vil bli gjort på dugnad med profesjonell arbeidsleiar og ved kursverksemd. På sikt ønsker me å utarbeide eit formidlingsopplegg for Tveit-tunet, både retta mot barn og unge, turistar og andre. I framtida ser me for oss at Tveit-tunet blir ein del av den berekraftige turismen som Sauda kommune tilbyr, forklarer Stueland og Sandnes.

Kritisk situasjon

I søknadsteksten understreker Stiftelsen Tveit-tunet behovet for at noko blir gjort raskt for å ivareta kulturminnet.

– Det er nå kritisk for tilstanden til spesielt stovehuset på gardstunet. Det er lekkasjar fleire stader i taket, og det er fukt og råteskadar fleire stadar i trekonstruksjonen. Det er òg minst eitt vindauge som må bytast. I første omgang ønsker me å berge huset med å sette opp ei midlertidig løysing for å tette taket i år, samt rive never lokalt for å kunne bruke neveren til tekking av taket med never og torv i 2020, skriv stiftelsen.

Høg motivasjon

I mars skreiv Ryfylke om utfordringane det nye styret i stiftelsen står overfor. Det er Sauda kommune som eig Tveit-tunet. Tidlegare i år tok stiftelsen kontakt med kommunen og rådmann Rune Kloster Tvedt for å be om hjelp til å utbetre taka på fleire av bygningane på Tveit-tunet, kor tre har vakse gjennom nevertaka. I så måte er pengane Sparebankstiftelsen Sauda nå gir til restaureringsarbeidet kjærkomne.

– Dette er skikkeleg gode nyheiter, det er heilt fantastisk. I aller første omgang vil dette gjere det mogleg å ta inn igjen noko av det etterslepet som har bygd seg opp. Så vil me etter kvart ruste opp Tveit-tunet, slik at det igjen kan bli ein turistattraksjon det er verdt å besøke for dei som kjem til Sauda, seier Stueland, før han utdjupar viktigheita av dei friske kronene Sparebankstiftelsen Sauda tilfører:

– Det betyr kjempemykje at me får ein så god start. Det bidrar til å halde motivasjonen vår der oppe. Nå treng me ikkje tenke så mykje på økonomi i første omgang. Det ville vore noko heilt annleis om me hadde stått og stanga utan å få inn pengar til å begynne på etterslepet og restaureringa. Me har også hatt møte med kommunen. Dei vil gi oss utstyr me kan bruke, men ikkje arbeidskraft. Me ser for oss å halde dugnadsarrangement kor me kan samle ein del folk når ting etter kvart begynner å skje, i tillegg til at me i styret sjølvsagt er motiverte for å gå laus på dette, forklarer Stueland.

Tveit-tunet blei gitt i gåve til Sauda kommune på 1970-talet. Gardstunet med tilhøyrande bygningar er ein gammal og restaurert gard med laftehus, og det budde folk på garden til slutten av 1960-talet.

I dag er garden innreia med møblar og reiskap som var typiske i Saudasjøen på slutten av 1800-talet. Til saman består tunet av seks bygningar. Folgehusa blei bygd rundt år 1880, medan dei andre bygningane er betydeleg eldre.

Aktivitet og arrangement

Etter at kommunen fekk Tveit-tunet i gåve, blei det laga ein stiftelse som skulle ha ansvaret for tunet. Stiftelsen Tveit-tunet har blitt drifta av eldsjeler, men aktiviteten i stiftelsen har i periodar vore svært låg, og tunet har ikkje vore eit prioritert satsingsområde for Sauda kommune.

I 2016 blei Tveit-tunet og kva Sauda kommune skal gjere som eigar sist diskutert i kommunestyret. Då konkluderte ein med at verken teknisk eining eller kultureininga hadde ressursar til å ta seg av vedlikehald og drift av Tveit-tunet.

Formålet til Stiftelsen Tveit-tunet er å eige, restaurere, vedlikehalde og drive Tveit-tunet, slik at tunet med bygningane blir bevart for etterslekta i samsvar med tidlegare eigar sine føresetnadar ved gåva til Sauda kommune.

Det nye styret har gått laus på arbeidet med å restaurere og skape engasjement for Tveit-tunet. Stiftelsen ønsker at det framleis skal vere konsertar og arrangement på tunet, at bygningane blir tatt vare på og uteområdet halde ved like.

Dagleg leiar i Sparebankstiftelsen Sauda Sivert Sørnes forklarer at mengda dugnadstimar prosjektet genererer var ein viktig faktor for at styret i Sparebankstiftelsen Sauda vil støtte restaureringsprosjektet med 250 000 kroner.

– Me har vore flinke i Sauda til å dokumentere industrihistoria for Sauda. Det finst òg ein førindustriell historie som skal dokumenterast og bli tatt vare på. Me har jo sett at Tveit-tunet er noko som engasjerer mange, og då synest me det er kjekt at me kan bidra til å gjere det mogleg å ta vare på og vedlikehalde, seier Sørnes.

Drygt tre millionar

Sparebankstiftelsen Sauda gir i år ut 3,02 millionar kroner til allmennyttige formål i Sauda og i Suldal. Blant dei større prosjekta som får støtte, er Sauda Idrettslag si langrennsgruppe og deira oppgradering av Slettedalen skianlegg, med 650 000 kroner. Det gjer at skianlegget i løpet av dei tre siste åra har mottatt snautt to millionar kroner til utbetring av anlegget og løypenettet.

Laget for Hovlandsnutens Utvikling får 500 000 kroner til utvikling av Sagastien, kor ein tidlegare i vår starta arbeidet med å lage ein ny trasé, medan Sauda Skytterlag får 310 000 kroner til å bygge skytebane for bevegelege mål, ein elgbane, på Lyngmyr.

Pengane stiftelsen deler ut er ein del av deira årlege overskot. Overskotet varierer frå år til år, avhengig av resultatet avkastninga deira eigarskap i Sparebanken Vest gir, saman med andre investeringar og kapitalforvaltningar. Dei siste to åra sette stiftelsen rekord for kor mykje pengar dei gav ut i støtte, høvesvis med 3,8 millionar kroner i 2017 og fem millionar kroner i fjor.

– Det er veldig kjekt å vere med og realisere mange gode prosjekt lokalt, som utløyser mykje frivilligheit. I tillegg er det samfunnsnyttige perspektivet viktig for oss, på den måten at prosjekta kan vere med på å gjere lokalsamfunnet meir attraktivt for folk som bur i Sauda, eller folk som vurderer å flytte til Sauda, seier Sørnes.

Med årets utdelingar har Sparebankstiftelsen Sauda gitt til saman 22,1 millionar kroner i støtte til prosjekt som skal komme saudasamfunnet og Suldal til gode sidan 2013.