Brøyta opp til Storemyr

Vegen frå parkeringsplassen i Jeskedal og opp til Storemyr i Åbødalen er brøyta. Det betyr at det denne påsken er muleg å kjøre opp til Storemyr – vederlagsfritt.

– Det er gratis å kjøre opp til Storemyr. Me har også brøyta opp den kommunale parkeringsplassen der, opplyser oppsynsmann John Ola Espevik i teknisk eining.

Også enkelte innkjøringar til hytter på veg opp til Storemyr er brøyta.

– Rundt 40-50 bilar vil ha plass til å parkere mellom Jeskedalen og Storemyr. Dette vil hjelpe på parkeringskapasiteten i påska, seier Espevik.

Åbødalen er eit populært hytte- og turområde i påsken. Dette har på dei største utfartsdagane i påsken ført til parkeringskaos langs vegen opp til Jeskedalen. Espevik håper den auka parkeringskapasiteten vil hjelpe på i år.

Men han opplyser at majoriteten av bilane må bli parkert i Jeskedalen.

– Me har laga til ein snuplass ved Storemyr. Her kan folk lesse av utstyr, og deretter kjøre ned igjen og parkere. Det er viktig at ingen parkerer på snuplassen, seier Espevik.

Det gjekk før påske ut eit informasjonsskriv underteikna kommunen, hytteforeininga og grunneigarlaget om brøyting av vegen. I skrivet gjekk det fram at bilistar som ville køyra opp til Nip og vidare innover grunna organisering og logistikk måtte betala 300 kroner for å få køyra heilt fram.

I ettertid har det kome sterke reaksjonar frå fleire grunneigarar, som presiserer at grunneigarlaget ikkje har noko med betalingstenesta å gjera. Initiativet til å organisera trafikken opp nipbakkane kom frå Sauda kommune og hytteforeininga, som kontakta transportørane i Åbødalen med førespurnad om dei, mot betaling, kunne stå for trafikkdirigeringa.

Då det kom reaksjonar frå hyttefolk, blei vakthaldet avblåst og trafikken sleppt fri.