Andedammen blir arena for ”Ta sjansen” under Saudadagane. Frå venstre: Ann Kristin Nilsen Nordvik, Marianne Tangeraas og Ragnar Fosstveit. Foto: Frank Waal.
Andedammen blir arena for ”Ta sjansen” under Saudadagane. Frå venstre: Ann Kristin Nilsen Nordvik, Marianne Tangeraas og Ragnar Fosstveit. Foto: Frank Waal.

Inviterer til lokalt «ta sjansen»

Under Saudadagane kan du konkurrere med din eigen båt – i Andedammen!

Mange har nok sett ”Ta sjansen” på TV, konkurransen frå Holmenkollen der deltakarar i sjølvbygde båtar sette utfor ein rampe. Målet var å kome først ut til ei bøye for å ringe i bjella. Dei mest gjennomtenkte konstruksjonane klarte det på få sekund, dei mindre gjennomtenkte konstruksjonane totalhavarerte da dei trefte vassflata. Det er ikkje alltid teori stemmer overens med praksis.

Den TV-sendte ”Ta sjansen”-konkurransen frå Holmenkollen er nedlagt for lenge sidan, men rundt omkring i Norge oppstod det fleire lokale ”Ta sjansen”-konkurransar, men aldri i Sauda. Ikkje før i år.

– Fredag under Saudadagane blir det ”Ta sjansen” i Andedammen”, opplyser søstrene Marianne Tangeraas og Ann Kristin Nilsen Nordvik.

Nå ønsker dei påmeldingar. Det er ein dryg månad til arrangementet og dei som ønsker å prøve seg treng tid på å konstruere sin eigen farkost.

Ideen til å arrangere ”Ta sjansen” i Sauda kom for kort tid sidan, på ei familiehytte.

– I Tangeraas-familien liker me å konkurrere. Ideen om å lage ein ”Ta sjansen”-konkurranse blei lansert. Einaste ulempen med konkurransen er at me ikkje får konkurrere sjølv. Me står som arrangør, ler Ann Kristin Nilsen Nordvik.

Saudadagane-general Ragnar Fosstveit tok imot forslaget med entusiasme og har sett arrangementet opp i programmet til Saudadagane.

– Me har i mange år snakka om at me burde ha vatn eller sjø inn i programmet. Dette er midt i blinken, seier Ragnar Fosstveit.

Han meiner dette er i anda til Saudadagane.

– Saudadagane er bygd opp på dugnad og lokale initiativtakarar som dette. Me sa ja med ein gong, seier Fosstveit.

God respons

Marianne Tangeraas og Ann Kristin Nilsen Nordvik opplyser at det alt har vore god respons på ideen. Fleire har varsla at dei vil stille med sjølvbygd båt. Andre har varsla at dei stiller opp på dugnad for at det skal bli noko av arrangementet.

– Men me ønsker fleire påmeldingar. Me har sett eit tak på 20 båtar, seier Nilsen Nordvik.

Arenaen blir Andedammen, fordi det er sentrumsnært og har plass til mange tilskodarar rundt. I tillegg er det grunt, men dei meiner samtidig at det skal vere djupt nok.

Arrangementet har påmeldingsavgift. Vinnarane får bestemme kva veldedig formål pengane skal gå til. I tillegg til raskaste båt vil ein jury også kåre ”beste konstruksjon” og gi bort ein ”jurypris”. Det er Saudadagane-arrangør Sauda Ferie & Fritid som tar imot påmeldingane.

Dette er reglane for å bli med:

  1. Fartøya
    * Laga må bygge sine eigne fartøy
    * Makslengde: 2,5 meter
    * Maksbreidde: 1,5 meter
    * Makstyngde: 400 kg inkludert deltakarar
    * Alle fartøy må ha feste til karabinkrok
    * Fartøyet må holde seg flytande etter å ha treft vatnet. Laga er sjølv ansvarlege for å bringe fartøyet tilbake til land. Me anbefalar at ein brukar polyester/plast/tre som materiale til fartøyet. Aluminium, stål eller tilsvarande kan ikkje brukast.
    * Fartøyet blir plassert på ein plattform, som sendar fartøyet ned i vatnet – derfor skal fartøyet ha flat botn.
    * Husk på at fartøyet blir påført massiv kraft når det treff vatnet, og derfor bør vere dimensjonert for det.

    2. Deltakarane
    * Maks to deltakarar kan vere med i fartøyet, og desse må ha signert ansvarsfråskriving på førehand. Laga kan bestå av fleire medlemmar som ikkje er med i fartøyet. Ekstra medlemmar på laget treng ikkje signere ansvarsfråskriving.
    * Deltakarar som skal vere med i fartøyet må ha på seg hjelm og flytevest. Me anbefalar også våtdrakt grunna den kalde temperaturen i vatnet.
    * Deltakarar som skal vere med i fartøyet må vere 18 år – ingen øvre aldersgrense.
    * Deltakarar som skal vere med i fartøyet kan ikkje vere påverka av rusmiddel.