Hanna Haugsvær, Emma Solbrekk Hauge og Håvard Kolbeinsvik frå 8A og laget «Det beste» vann den lokale superfinalen av Ryfylkequizen 2019. Foto: Knut Atle M. Seim.
Hanna Haugsvær, Emma Solbrekk Hauge og Håvard Kolbeinsvik frå 8A og laget «Det beste» vann den lokale superfinalen av Ryfylkequizen 2019. Foto: Knut Atle M. Seim.

«De beste» quizza seg til Finnøy

Laget frå 8A ved Sauda ungdomsskule får heile klassen med seg når dei i mai reiser til Finnøy for å delta i den store finalen i Ryfylkealliansen sin quiz for åttandeklassingar.

Dei er litt usikre på kor mykje dei eigentleg har lært om Ryfylke i løpet av våren, quizlaget «De beste» frå 8A ved Sauda ungdomsskule. I alle tilfelle skal laget beståande av Håvard Kolbeinsvik, Hanna Haugsvær og Emma Solbrekk Hauge forsvara Sauda si ære under den store finalen på Finnøy 10. mai.

– Me har fått eit eige ark med fakta om Ryfylke… forklarer Håvard Kolbeinsvik.

– …Men det har gått litt inn det eine øyret og ut det andre, skyt Hanna Haugsvær inn.

Uansett leverte trioen ein solid innsats då den lokale vinnaren skulle kårast onsdag i førre veke. Ikkje bare knuste dei samtlege lag, lærarlaget inkludert, i den innleiande runden. Dei vann òg superfinalen mellom dei tre beste elevlaga med klar margin.

– På tre forsøk har ennå ingen saudalag vunne Ryfylkequizen, kjem de til å bli det første?

– Ja, klart det. Me heiter jo «De beste»…

Synte god Ryfylke-kunnskap

Den lokale superfinalen onsdag gjekk over fire omgangar, der laga etter tur kunne velga mellom seks ulike tema, alle med Ryfylke som bakgrunn. Etter halvquizza konkurranse skilde bare eit halvt poeng mellom dei to beste aga, men derfrå og ut gjorde «De beste» seg verkeleg fortent til namnet sitt.

Oppgåvene varierte både når det gjaldt tema og geografisk tilhøyre. Naturleg nok skåra Sauda-laga godt på spørsmål frå eigen kommune, medan det blei meir utfordrande jo lenger utover fjordane oppgåvene var henta frå.

Veit du forresten kva år Rennfast opna? Eller kor mange svingar det er på vegen opp frå Lysebotn? For ikkje å snakka om kva idrettslag som speler heimekampane sine på kva for stadionar. Og kva bruer som ligg i kva kommunar?

Spesielt når det gjaldt å svara på kva for byar og tettstader som hadde over eller under 1000 innbyggarar, imponerte dei unge quizzarane.

Identitet

– Det handlar om bevisstgjering og identitetsbygging. Me ønsker å auka ungdommane sin kunnskap om regionen dei bur i, fortel Tor Øyvind Skeiseid frå Ryfylkealliansen.

I vinter besøkte Skeiseid og kollega Svanhild Eggebø Spanne alle ungdomsskulane i ryfylkekommunane med eit eige undervisningsopplegg om regionen.

– Me speler oss gjennom 11 000 år med ryfylkehistorie, frå jernaldermannen frå Galta på Rennesøy og fram til i dag. Me studerer kart og presenterer funfacts om Ryfylke og er innom geografi, næringsliv, historie og folk. Og så får elevane eit lite, eige pensum som oppsummerer Ryfylke, forklarer Skeiseid.

Vrien med å gi elevane «lekse» har tydeleg gitt uttelling i høve til kva åttandeklassingane har plukka opp.

– Mange av quizlaga har levert solide resultat i dei lokale konkurransane, så alt tyder på at me har eit skyhøgt nivå i år, slår han fast.

Ryfylkequizen blir i år arrangert for fjerde gong. I 2016 tok Suldal sigeren på heimebane. Tau vann i Sauda i 2017 og Hjelmeland var best på Jørpeland i 2018.

Dei tre beste laga i finalen får pengepremiar både til seg sjølv og til klassen sin frå den einaste lokalbanken i Ryfylke. Quiz: Kva bank er det?