Politibetjent Fredrik Bjerklund (til venstre) og politikontakt Øyvind Dybing har ansvaret for eit nytt prosjekt der målet er å auke trafikksikkerheita i Sauda. Foto: Frank Waal.
Politibetjent Fredrik Bjerklund (til venstre) og politikontakt Øyvind Dybing har ansvaret for eit nytt prosjekt der målet er å auke trafikksikkerheita i Sauda. Foto: Frank Waal.

Ønsker bedre trafikkultur

Politiet ønsker å oppnå ei målbar forbetring av trafikkulturen i Sauda.

Framover vil politiet vere meir synlige i trafikkbildet i Sauda.

– Me vil særleg ha fokus på fart i område det bur folk og der fartsgrensa er låg. I tillegg vil me ha fokus på parkeringskulturen i Sauda. Der ser me at det er eit forbetringspotensiale, seier Øyvind Dybing ved Sauda lensmannskontor.

Politibetjent Fredrik Bjerklund og politikontakt Øyvind Dybing har ansvaret for prosjektet som alt har starta.

– Det er ein ny måte å jobbe på. Me startar opp eit tiltak og måler deretter effekten av det me gjer. Håpet er at me skal kunne få ein målbar effekt og at trafikkulturen i Sauda blir litt betre. Me har alltid drive med politiarbeid, men her prøver me å sette det meir i system gjennom eit pilotprosjekt, seier Dybing.

Meir systematisk

Det er Politidirektoratet som har initiert prosjektet, som har fått namnet ”Forebyggande sak”.

– Det er eit verktøy for å jobbe meir kunnskapsbasert, meir systematisk og som kan måle effekten av tiltaka våre. Forebyggande arbeid er eit satsingsområde for politiet. Målet er å finne tiltak som har best muleg effekt for å heve kvaliteten på det forebyggande arbeidet, opplyser Fredrik Bjerklund.

Øyvind Dybing presiserer at det ikkje er ein utprega dårleg trafikkkultur i Sauda.

– Men det er eit forbetringspotensiale. Det er særleg innan parkering, høg fart i område der det bur folk og trafikkulturen generelt me ønsker å ha fokus på, seier Dybing.

Den siste veka har politiet lokalt vore meir synlege i trafikken. To bilførarar har fått parkeringsbot for ulovleg parkering i sentrum og det har blitt gjennomført eit par fartskontrollar.

– Under fartskontrollen me hadde i 50-sona ved Risvoll skule 2. påskedag, var det ingen som kjørte for fort. Det var veldig bra, seier Dybing.

Stoppa etter tips

I tillegg rykka politiet ut tysdag og stansa ein bilførar etter at publikum ringte inn og varsla at det var ein bil som heldt svært høg fart på fylkesvegen mellom Ropeid og Sauda.

– Me stansa bilføraren. Me hadde ikkje ei fartsmåling på han, men han la seg flat og lova bot og betring. I dette tilfellet kunne me blant anna ha oppretta anmeldelse på bakgrunn av vitneobservasjonar. I slike tilfelle kan ein rekne med ei innstramming i handhevinga av nettopp slike hendingar, seier Dybing.

At publikum har varsla politiet om at det skjer ein del kjøring med høg fart i bustadområde med låg fartsgrense, er ein av grunnane til at politiet har sett opp dette temaet som eit fokusområde.

– I tillegg har politiet gjort eigne observasjonar. I dette prosjektet er Sauda kommune og Statens vegevesen også med og gjennomfører førebyggande tiltak. Målet er at dette samarbeidet skal styrke effekten av det førebyggande arbeidet, seier Øyvind Dybing.

Dybing opplyser at dei jobber med å identifisere andre problemstillingar der dei kan bruke same arbeidsmetode. Trafikk er bare eitt av områda der dei kan bruke denne arbeidsmetoden.