Ikkje lenger totalforbod

Onsdag i sist veke innførte brannsjef i Sauda kommune, Inge Seim, totalforbod mot all bruk av open eld i eller i nærleiken av skog og mark. Skogbrannindeksen var då oppe i 123, og var venta i stiga dei komande dagane. I helga har det derimot regna, og brannsjefen kunne i går, måndag, oppheva totalforbodet.

Ved eit totalforbod er det ikkje lov til å tenna opp bål eller grill sjølv på tilrettelagte grillplassar eller i strandsone  – eller å brenna opp hageavfall.  Sjølv om totalforbodet nå er oppheva gjeld framleis reglane om at det ikkje er tillate å tenna opp bål, grill og eingongsgrill i, eller nærleiken av skog om anna utmark i perioden 15. april – 15. september.

Skogbrannindeksen for Sauda var i går, måndag, på ”grøn” med 24 og ”liten fare”, men er venta å stiga til 38-51 og ”gul” og ”fare” dei komande dagane. Det er foreløpig ikkje varsla nedbør på langtidsvarselet til yr.no.