Forsøpling er ulovleg

Politikontakt og politioverbetjent Øyvind Dybing fortel at politiet har mottatt fleire meldingar om forsøpling ulike stader rundt om i Sauda. Han minner om at det er ulovleg å kasta frå seg søppel, både småsøppel på gata og dumping av avfall ut i naturen.

– Eg har inntrykk av at dagens ungar er flinkare enn dei vaksne når det gjeld å ikkje hiva søppel frå seg. Men det er viktig å vita at forsøpling er ulovleg  og det kan enda med anmeldelse og bøtelegging. Me kan i nokre tilfelle klara å finna ut kven som står bak forsøpling. Eg vil oppfordra alle til å ikkje kasta søppel ifrå seg, men at ein heller blir flinkare til å plukka søppel, seier han.