Politi i gatene

Ryfylke skreiv nyleg om at politiet har sett i gang eit førebyggingsprosjekt der mellom anna saudabuen si åtferd i trafikken blir sett i fokus. Som eit ledd i dette prosjektet vil politiet vera meir synleg i gatene i tida frametter.

– Me kjem mellom anna til å følga opp feilparkering, til dømes i busslommer, på fortau og på handicap-plassar, opplyser politioverbetjent Thomas Wahl.

– Mange saudabuar ser ut til å ha eit avslappa forhold til bruk av blinklys, kva reglar gjeld eigentleg her?

– Retningslysa skal brukast ved retningsendring. Og bilføraren kan faktisk få forenkla førelegg om ikkje dette blir gjort, seier Wahl.