*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
I juli 2015 hadde grunneigar Lars Reidar Fosstveit all grunn til å smile. Han var utbyggingsklar i hyttefeltet ”Skeivadn” i Nordstøldalen. 200 000 kroner og fire år seinare meiner fylkesmannen at han må vente i minst 12 år til. Foto: Frank Waal.

Grunneigarar forstår ikkje fylkesmannen

Utbyggingsklare grunneigarar forstår ikkje kva fylkesmannen tenker på, når det blir lagt inn protest mot samtlege nye hyttefelt i Sauda.

Fylkesmannen har lest gjennom kommuneplanen og meiner Sauda ikkje har behov for nye hyttefelt. Derfor har fylkesmannen levert motsegn mot samtlege elleve nye hyttefelt.

– Det er så gale at eg klarer ikkje bli forbanna. Eg hadde trudd at eg skulle bli klokare med åra og forstå meir av det fylkesmannen driv med, men eg har aldri forstått fylkesmannen så lite som eg gjer nå, seier Ivar Johannes Handeland.

Han er grunneigar og kommunestyrepolitikar for Senterpartiet. Saman med andre grunneigarar i Slettedalen har han lagt inn ønske om meir areal til nye hyttetomter.

–  Hyttenæringa er ei av dei største næringane i Sauda, ved sida av Eramet. Hyttenæringa er viktig for Sauda og den vidare utviklinga. Her er politikarar og grunneigarar samstemte, og så opplever me at fylkesmannen kjem med ei total overstyring av oss. Kva skal me leve av her inne? Me opplever ei sentralisering utan sidestykke, seier Ivar Handeland.

Han trur og håpar at det er ei misforståing ute og går og at ein gjennom møte med fylkesmannen får på plass ei forståing av at Sauda treng fleire nye hyttefelt. Fleire meiner at det på langt nær er så mange ledige hyttetomter igjen i Sauda som fylkesmannen hevdar.

Ivar Johannes Handeland innser nå at det kan ta tid før kommuneplanen i Sauda blir ferdig.

– Om så dette ikkje er klart før neste år, så må me få på plass ein kommuneplan som sikrar utviklinga til Sauda. Det er ikkje enkelt å vere ein distriktskommune i dag. Det er steintøft, sukkar Handeland.

Han meiner at hyttefelt også må bli sett på som viktig landbrukspolitikk.

– Utan at grunneigarar hadde fått selge hyttetomter er det truleg mange gardsbruk som ikkje hadde eksistert i dag, seier Ivar Johannes Handeland.

Har venta i fire år

Grunneigar Lars Reidar Fosstveit har brukt 200 000 – 250 000 kroner på å utarbeide reguleringsplan for hyttefeltet ”Skeivadn” i Nordstøldalen. Nå risikerer han at han ikkje får bygge ut dette feltet.

– Høyringsuttalen frå fylkesmannen er så heilsvart at det nesten er bra. Nå må politikarane i Sauda ta kampen med fylkesmannen, og det trur eg dei vil. Hadde det vore nokre få felt som blei tatt ut, så er det ikkje sikkert det hadde blitt særlege protestar lokalt, seier Fosstveit.

Han meiner det er viktig at det er eit breidt utval av ledige hyttetomter i ulike dalar, dersom Sauda skal vere attraktive for å lokke til seg hytteturistar frå andre kommunar.

Han meiner det er feil strategi at hyttebyggarar må klare seg med dei tomtene som er igjen i Sauda.

– Alle vil ikkje til Herheimsdalen eller til Svandal. Nokre vil til andre dalar. Eg har kjøparar klare som ønsker å kjøpe tomt i mitt planlagde felt, opplyser han.

I 2015 hadde han den første reguleringsplanen klar for hyttefeltet ”Skeivadn”. Etter det har han nå i fire år stanga hovudet i byråkratiet utan å få godkjent feltet.

– Det er så synd at du må ha sinnsjuk kondisjon for å få til noko. Det blir heilt feil. Dei som ønsker å få til noko må bli oppmuntra. Dei må få hjelp til å kaste bensin på bålet, og ikkje oppleve at bålet deira blir pissa på. Da orker ikkje folk i lengda. Sauda treng utvikling og da må det bli lagt til rette for utvikling, seier Fosstveit.

Også fylkesrådmannen protesterer heftig

Fylkesrådmannen meiner saudapolitikarane legg opp til alt for mange hyttefelt.

4. juni skal fylkespolitikarane avgi sin høyringsuttale til kommuneplanen til Sauda. I si innstilling til fylkesutvalsmøtet meiner fylkesrådmannen at Sauda har lagt inn alt for mange nye hyttefelt. Fylkesrådmannen ønsker derfor å fremme motsegn mot samtlege nye hyttefelt, for så å ta ein diskusjon med Sauda kommune om kva hyttefelt som bør bli tatt inn i planen.

Det einaste nye hytteområdet fylkesrådmannen ikkje protesterer mot er i øvre delar av Svandal.

I tillegg foreslår fylkesrådmannen følgande motsegner:

– Omdisponering Søndenå frå LNF til næringsareal.

– Omdisponering Saudasjøen frå friområde til næringsareal.

– Omdisponering Lillebekk frå LNF til bustadareal.

– Omdisponering Hovland/Eikeåsen frå LNF til bustadareal.

– Omdisponering Nestjødnane frå friluftsområde til bustadareal.

– Omdisponering Løypesmyrane/Tjelmenvegen frå LNF til bustadareal.

– At bustadtettheita ikkje er differensert mellom sentrum og området utanfor sentrum.

– At hyttene i Svandal ikkje har ei øvre grense på kor store dei kan vere.

– At det i kommuneplanen er ikkje er bestemmelsar og retningslinjer for lokalisering og dimensjonering av handel i tråd med regional planbestemmelse.

– Manglande omsynssonemarkering av eigedomen Rådhusgata 7.

På synfaring i Sauda

Tysdag var fylkesutvalet og delar av administrasjonen til fylkeskommunen på synfaring i Sauda. Fylkesutvalet (som er formannskapet i eit fylke) skal vedta sin uttale om kommuneplanen til Sauda.

Med ordførar Asbjørn Birkeland i spissen fekk fylkesdelegasjonen sjå ulike areal lokalpolitikarane ønsker å omregulere til bustadfelt, hyttefelt og næringsareal.

Kommuneplan 2019-2031

  • Sauda kommune har utarbeidd ein ny kommuneplan som skal gjelde fram til 2031. Planen har vore ute på høyring i åtte veker.
  • Kommunestyret ønsker nye område til fritidsbustader, bustadfelt og næringsutvikling. Denne omreguleringa har fylkesmannen protestert på og meiner Sauda i langt større grad må satse på fortetting og bevare naturområda.
  • Også administrasjonen til Rogaland fylkeskommune protesterer på mykje av det same, men her er det fylkespolitikarane som har det avgjerande ordet den 4. juni.
  • Sauda kommune skal nå i dialog med fylkesmannen for å sjå om dei kan bli einige. Dersom det ikkje blir einigheit vil kommuneplanen til Sauda bli avgjort på departementsnivå.