To skadde i Saudatrafikken

Trafikkåret 2018 blei eitt av dei beste i kommunen på denne sida av tusenårskiftet. Ifølge ei nyleg publisert oversikt frå Statistisk sentralbyrå, kom bare to personar til lettare til skade i saudatrafikken dette året. Fjoråret er bare slått av 2013, då det kun blei registrert skade på ein person som følge av hendingar i trafikken.

Året med flest skadde i trafikken i Sauda etter år 2000 var 2004, då heile 18 personar var utsette for trafikkuhell som førte til skade. Ingen av dei 18 er imidlertid oppgitt å ha kome alvorleg til skade, men for tre av dei 18 er ikkje skadegraden oppgitt.

Totalt inneheld statistikken 131 trafikkskader i Sauda for det oppgitte tidsrommet. I same periode er det oppgitt o ha skjedd fem dødsulukker med til saman fem omkomne.

Det har ikkje skjedd dødsulukker innafor kommunegrensene sidan 2014.