Nyhende |
|
Ivrar for samarbeidFagmiljøa er små. Ønsket om samarbeid er stort. Av Arvid Horpestad
Fagfolka i PP-tenestene i Vindafjord, Etne, Suldal og Sauda er få. Dei fire kommunane har difor starta ein diskusjon om eit nærare samarbeid om denne tenesta. Initiativet kom frå rådmannen i Sauda kommune i september i fjor. – Eit veldig positivt møte, seier einingsleiar i Sauda kommune, Aslaug Tangeraas etter at representantar for kommunane tidlegare denne månaden kom saman for å drøfta vegen vidare. Tangeraas fortel at tanken om interkommunalt samarbeid generelt veks seg stadig sterkare. Då også dei tilsette i den lokale PP-tenesta stilte seg positive til å sjå på moglegheitene for eit tettare samarbeid med nabokommunane, starta prosessen. – Då var me veldig klare, alle. Det byrja med at rådmannen spurde dei andre kommunane om interessa for eit samarbeid, forklarer Aslaug Tangeraas. Rådmennene snakka så med kvarandre før det vart kalla inn til møte i Ølen tidlegare denne månaden der fagkoordinator for PP-tenesta, Bente Baaserud og Tangeraas møtte for Sauda.
Aslaug Tangeraas opplyser at tre personar utfører 2,8 årsverk for PP-tenesta i Sauda. – Flinke folk med god kompetanse, skryt ho. Men krava til PP-tenesta er store, og i likskap med Sauda er det óg i dei tre andre kommunane få tilsette i tenesta. Få tilsette gjer tenesta sårbar, ifølge Tangeraas. Eit av spørsmåla framover er mellom anna kva ein kan vinna med å samla kompetansen i eit større fagmiljø. Ordet ”samla” betyr imidlertid ikkje at det vert teke sikte på ei fysisk samling av dei tilsette i eitt kontor. – Stort sett skal dei tilsette ha sin arbeidsplass der dei er i dag, seier Tangeraas, og viser til moglegheitene dagens teknologi gir til å kommunisera med kvarandre.
For ingenting er bestemt enno. Konklusjonen etter møtet i Ølen er at alle fire kommunane er positive til å arbeida vidare med tanke på nærare samhandling mellom PP-tenestane. Ei arbeidsgruppe, med Bente Baaserud som representant for Sauda, er sett ned. Sauda kommune har sekretærfunksjonen for gruppa. – Arbeidsgruppa skal vurdera moglege måtar å samhandla på og innan 1. mai legga fram ein sluttrapport med eitt eller to konkrete forslag til modellar for samhandling, forklarer Aslaug Tangeraas. Deretter skal det vera eit felles møte der rådmennene i dei fire kommunane deltek.
|
|
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:40
Knuste konkurrentaneUngguten Gaute Kvåle slo andremann Nils Kristian Berge (til venstre) med nesten to minutt i laurdagens Saudasjøen rundt. Lars Kvåle blei nummer tre. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:36
Sauda på 48. plassRådmann Ann-Helen Eik-Nes (frå venstre), Jakob Svandal, Aslaug Tangeraas og Alan G. Thompson er fornøgd med at Sauda skårer høgt innan administrasjon i Kommunal Rapport sitt kommunebarometer. Men tala kan, ifølge Thompson, tolkast på fleire vis. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:31
Opna utbetra SvandalsvegOrdførar Laura Seltveit og fylkesordførar Tom Tvedt opna den nye vegen opp til Svandalen fredag. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:27
Jaktar på koristar til Jørn HoelMangel på erfaring er inga hindring. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:07
Bad om dialog – føler seg ignorertJon Hansen og Åbødalen Hytteforening skulle gjerne ha bidratt med både dugnad og pengar for å utbetra vegen mellom Jeskedalen og Buer. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:00
Skeptiske til fire nye årFleire sentrale politikarar stiller neppe til gjenval. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 09:50
Bind saman foreldre og skuleRagnhild Roth (til venstre), Solfrid Seim Nilsen, Gerd Olaug Garstad og Hege Michalsen i kommunalt foreldreutval inviterer til kurs om grensesetting. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 10:03
Lei av stadige overskridingarHøgres Ivar Tangeraas meiner fordyra kommunale prosjekt er eit hån mot både politikarar og skattebetalarar. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:59
Kritisk til politiberedskapStortingspolitikar Øyvind Vaksdal frå frp tykkjer ressurs-situasjonen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt ikkje er haldbar. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:56
Får skryt av NoradFairtrade-Sauda haustar godord frå Norad. Leiar Jens Jensen gler seg over rosen. Av Arvid Horpestad » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:53
Ingen vidare planar for HavnastovaDyr drift gjer at Sauda motorbåtforening kun vil bruke bygget som klubbhus. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:19
Ber om meir pengarRådmannen ber kommunestyret om til saman 3,7 millionar kroner ekstra til mellom anna gravplassen, sorteringsanlegget (biletet) og Fløgstad skule. Av Arvid Horpestad » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:16
Innbyr ikkje til leikMange av leikeplassane i Sauda står for fall. Av Julie Arnfred Bojesen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:12
Tilbyr trenarkurs til foreldreLeiar Rune Dolmen og Sauda Idrettslag vil sette kompetanseutvikling i system. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |






