Meningsmåling

Kunne du tenke deg å stille på vallista til eit parti kommande val?



  • 136%
     
  • 263%
     
  • Antall stemmer: 41

Nettkamera kai

Nettkamera Sauda kai

Nettkamera torg

Sauda

Været

Anna

images.jpg

 

 

Twitter

 

 

ryfylke_rgb.jpg

 

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 02.02.2010

    Ny sjanse for kraftverk

    Kommunestyret ser på planane om kraftverk i Svandalsfossen på nytt.

    Av Ingvil Bakka

     

    – Prosjektet er veldig spennande, så me er tolmodige, seier Bjørn Sæle, Haugaland Kraft sin prosjektleiar for planane om å bygga Svandalsfossen kraftverk.

    I morgon, onsdag, skal kommunestyret behandla og eventuelt uttala seg på nytt om det planlagte småkraftprosjektet i Svandalsfossen, fjorten månader etter at politikarane vedtok ein negativ høyringsuttale til prosjektet. Haugaland Kraft og Sauda Vekst inngjekk i fjor sommar ein intensjonsavtale om utviklinga av Svandalsfossen til ein attraktiv turiststad, og etter påtrykk frå næringsselskapet skal politikarane nå sjå på saka ein gong til.

    Partiet Høgre var raskt ute og kravde ny behandling av saka, bare to månader etter uttalen i november 2008. Dei syntest uttalen blei fatta på eit mangelfullt og tynt grunnlag og etterlyste ei grundigare behandling av saka og meir fokus på mulighetene prosjektet kan gi for turistnæringa. Politikar Ivar Tangeraas er glad for at saka omsider kjem på bordet til politikarane igjen.

    – Eg er overbevist om at Svandalsfossen med dette prosjektet vil bli ein endå meir attraktiv plass med fleire grunnar for turistar å stoppa opp. Eg håpar at også resten av kommunestyret ser desse mulighetene, seier Tangeraas.

    Komunestyret var delt i meiningane om kraftplanane sist dei behandla saka. 12 stemte imot, medan sju representantar frå partia Høgre (3), Framstegspartiet (2), Senterpartiet (1) og Arbeidarpartiet (1) var positive til prosjektet.

    Prosjektleiar Bjørn Sæle tar litt sjølvkritikk for at dei den gong fokuserte for lite på utviklingsmulighetene for området.

    – Me kan få eit område med gamle oppgangssager og nytt kraftverk. Me hadde det med i planane sist også, men det blei nok for lite vektlagt, seier Sæle.

    Planane for sjølve kraftverket er uendra. Intensjonsavtalen med Sauda Vekst, der kraftselskapet og næringsselskapet har ein felles strategi for utvikling av kraftverk, oppgangssag og fossefall, betyr større kostnader og meir arbeid for Haugaland Kraft. Det bekymrar ikkje Sæle.

    – Bare kjekt. Positivt at me kan gå saman for å finna dei gode løysingane, seier han.

    I sakspapira til morgondagens kommunestyremøte rår rådmannen kommunestyret til å vera positive til kraftutbyggingsplanane. I innstillinga føreslår han at kommunen stiller vilkår om minstevassføring i sommarmånadene og at kraftverket blir bygt i samsvar med planane som ligg i intensjonsavtalen mellom Haugaland Kraft og Sauda Vekst.

    Også då saka blei behandla i kommunestyret i november 2007 hadde rådmannen ei positiv innstilling til utbyggingsprosjektet.

     


    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:40
    saudasjøen rundt.jpg

    Knuste konkurrentane

    Ungguten Gaute Kvåle slo andremann Nils Kristian Berge (til venstre) med nesten to minutt i laurdagens Saudasjøen rundt. Lars Kvåle blei nummer tre.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:36
    kommunebarometer.jpg

    Sauda på 48. plass

    Rådmann Ann-Helen Eik-Nes (frå venstre), Jakob Svandal, Aslaug Tangeraas og Alan G. Thompson er fornøgd med at Sauda skårer høgt innan administrasjon i Kommunal Rapport sitt kommunebarometer. Men tala kan, ifølge Thompson, tolkast på fleire vis.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:31
    svandalsvegen loftmg_1993.jpg

    Opna utbetra Svandalsveg

    Ordførar Laura Seltveit og fylkesordførar Tom Tvedt opna den nye vegen opp til Svandalen fredag.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:27
    jørn hoel og kor.jpg

    Jaktar på koristar til Jørn Hoel

    Mangel på erfaring er inga hindring.

    Av Linda Merethe Lie

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 10:07
    jon hansen.jpg

    Bad om dialog – føler seg ignorert

    Jon Hansen og Åbødalen Hytteforening skulle gjerne ha bidratt med både dugnad og pengar for å utbetra vegen mellom Jeskedalen og Buer.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 10:00
    politikarar1.jpg

    Skeptiske til fire nye år

    Fleire sentrale politikarar stiller neppe til gjenval.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 09:50
    kommunalt fou.jpg

    Bind saman foreldre og skule

    Ragnhild Roth (til venstre), Solfrid Seim Nilsen, Gerd Olaug Garstad og Hege Michalsen i kommunalt foreldreutval inviterer til kurs om grensesetting.

    Av Linda Merethe Lie

     

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 10:03
    tangeraas10.jpg

    Lei av stadige overskridingar

    Høgres Ivar Tangeraas meiner fordyra kommunale prosjekt er eit hån mot både politikarar og skattebetalarar.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:59
    øyvind vaksdal1.jpg

    Kritisk til politiberedskap

    Stortingspolitikar Øyvind Vaksdal frå frp tykkjer ressurs-situasjonen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt ikkje er haldbar.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:56
    jens jensen.jpg

    Får skryt av Norad

    Fairtrade-Sauda haustar godord frå Norad. Leiar Jens Jensen gler seg over rosen.

    Av Arvid Horpestad

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:53
    havnastova.jpg

    Ingen vidare planar for Havnastova

    Dyr drift gjer at Sauda motorbåtforening kun vil bruke bygget som klubbhus.

    Av Linda Merethe Lie

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:19
    sorteringsanlegg-inni.jpg

    Ber om meir pengar

    Rådmannen ber kommunestyret om til saman 3,7 millionar kroner ekstra til mellom anna gravplassen, sorteringsanlegget (biletet) og Fløgstad skule.

    Av Arvid Horpestad

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:16
    leikeplass framside.jpg

    Innbyr ikkje til leik

    Mange av leikeplassane i Sauda står for fall.

    Av Julie Arnfred Bojesen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:12
    ttrenarkursaudarenarkurssauda.jpg

    Tilbyr trenarkurs til foreldre

    Leiar Rune Dolmen og Sauda Idrettslag vil sette kompetanseutvikling i system.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken