Nyhende |
|
Pris og skryt til HerheimEgil Herheim er kåra til nord-fylkets beste lærling. Av Linda Merethe Lie
– Eg visste ikkje om at dei hadde slike prisar og blei veldig overraska då eg fekk beskjed om at eg skulle få den, seier Egil Herheim, som onsdag fekk vete at han er kåra til Årets lærling i Nord-Rogaland. Ryfylke Tverrfaglige Opplæringskontor (RYTOPP) har omlag 75 medlemsbedrifter og ansvar for oppfølging av rundt 100 lærlingar innan bygg- og anleggsteknikk. Nils Terje Hagen, opplæringskonsulent i RYTOPP, forklarar kvifor den 20-årige saudabuen, som har gått i lære i Ryfylke Bygg, har utmerka seg. – Det er mange flinke lærlingar, og Egil Herheim er nok mellom dei aller flinkaste. Eg har blitt kjent med han, sett korleis han jobbar og fått tilbakemeldingar frå dei som jobbar med han til dagleg. Eg har følgt han opp i høve til mellom anna loggføring og dokumentasjon. Her har han vore flink, i tillegg til at han utfører det praktiske arbeidet på ein god måte. Herheim viser også interesse og er motivert for det han driv med, skryt Hagen, som var den som foreslo Herheim som kandidat. Det blir stadig fleire fagarbeidarar i Rogaland. I løpet av 2009 har det vore 5 300 lærlingar og lærekandidatar under opplæring ved bedrifter og offentlege verksemder i fylket. Omlag 2 500 av dei fekk bestått fag- eller svenneprøven, der 37 personar er frå Sauda kommune. Dagleg leiar i Ryfylke Bygg, Asle Rafdal, er ikkje i tvil om at det er fortent at prisen som Årets lærling går til Herheim. – Det er tre ting som er viktige for ein tømrar. Ein må vere fagleg dyktig og ha forståing for faget. I tillegg må ein ha evne til å arbeide sjølvstendig og ha det eg kallar sosiale antenner. Dette er kvalitetar Egil Herheim har, forklarer Rafdal. Herheim avla svenneprøve i fjor haust og jobbar no fast i Ryfylke Bygg. I går var han i Haugesund under den offisielle overrekkinga av svennebrevet og for å motta prisen som Årets lærling. Trass mykje skryt er prisvinnaren audmjuk. – Dei kjem nok fram til ein vinnar etter ei heilskapsvurdering, men eg vil ikkje påstå at eg fortener den meir enn nokon andre, seier 20-åringen beskjedent.
|
|
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:40
Knuste konkurrentaneUngguten Gaute Kvåle slo andremann Nils Kristian Berge (til venstre) med nesten to minutt i laurdagens Saudasjøen rundt. Lars Kvåle blei nummer tre. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:36
Sauda på 48. plassRådmann Ann-Helen Eik-Nes (frå venstre), Jakob Svandal, Aslaug Tangeraas og Alan G. Thompson er fornøgd med at Sauda skårer høgt innan administrasjon i Kommunal Rapport sitt kommunebarometer. Men tala kan, ifølge Thompson, tolkast på fleire vis. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:31
Opna utbetra SvandalsvegOrdførar Laura Seltveit og fylkesordførar Tom Tvedt opna den nye vegen opp til Svandalen fredag. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:27
Jaktar på koristar til Jørn HoelMangel på erfaring er inga hindring. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:07
Bad om dialog – føler seg ignorertJon Hansen og Åbødalen Hytteforening skulle gjerne ha bidratt med både dugnad og pengar for å utbetra vegen mellom Jeskedalen og Buer. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:00
Skeptiske til fire nye årFleire sentrale politikarar stiller neppe til gjenval. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 09:50
Bind saman foreldre og skuleRagnhild Roth (til venstre), Solfrid Seim Nilsen, Gerd Olaug Garstad og Hege Michalsen i kommunalt foreldreutval inviterer til kurs om grensesetting. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 10:03
Lei av stadige overskridingarHøgres Ivar Tangeraas meiner fordyra kommunale prosjekt er eit hån mot både politikarar og skattebetalarar. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:59
Kritisk til politiberedskapStortingspolitikar Øyvind Vaksdal frå frp tykkjer ressurs-situasjonen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt ikkje er haldbar. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:56
Får skryt av NoradFairtrade-Sauda haustar godord frå Norad. Leiar Jens Jensen gler seg over rosen. Av Arvid Horpestad » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:53
Ingen vidare planar for HavnastovaDyr drift gjer at Sauda motorbåtforening kun vil bruke bygget som klubbhus. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:19
Ber om meir pengarRådmannen ber kommunestyret om til saman 3,7 millionar kroner ekstra til mellom anna gravplassen, sorteringsanlegget (biletet) og Fløgstad skule. Av Arvid Horpestad » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:16
Innbyr ikkje til leikMange av leikeplassane i Sauda står for fall. Av Julie Arnfred Bojesen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:12
Tilbyr trenarkurs til foreldreLeiar Rune Dolmen og Sauda Idrettslag vil sette kompetanseutvikling i system. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |






