Meningsmåling

Kunne du tenke deg å stille på vallista til eit parti kommande val?



  • 136%
     
  • 263%
     
  • Antall stemmer: 41

Nettkamera kai

Nettkamera Sauda kai

Nettkamera torg

Sauda

Været

Anna

images.jpg

 

 

Twitter

 

 

ryfylke_rgb.jpg

 

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 05.02.2010

    Vil ha internat i Sauda

    Rektor Espen Thompson går nye vegar for ein betre skule.

    Av Tone Jensen

     

    I formannskapet komande onsdag legg rektor ved Sauda vidaregåande skule, Espen Thompson, fram ønske om internat i Sauda.

    – Eg håpar me kan få til eit internattilbod for elevane våre i Sauda med ein liknande strukturkvalitet som me har på internatet på Sand, seier Espen Thompson.

     

    Ein av årsakene til at rektoren nå legg fram saka for formannskapet er den jamne nedgangen i folketalet i Sauda, som og gir mindre klassekull.

    – Om seks-sju år vil det vere langt færre elevar som kjem frå ungdomskule til vidaregåande her i Sauda. Me kan då anten halvere skulen og drifta, eller gjere noko, seier Thompson, og siktar til eit betre tilbod til studentane.

    – Me har i dag mellom 60 og 80 elevar som bur på hybel. Nokre av desse bur godt og har gode hybelvertar, andre er ikkje fullt så heldige. Dessutan slit mange med å få buplass til semesterstart, fortel Thompson.

     

    Ifølge rektoren vil talet på elevar på hybel auke til hausten, då det alt er kome inn fleire søknader enn det er studieplassar på den nyoppretta ambulanselinja.

    – Og dette er ein månad før søknadsfristen går ut. Eg trur det vil kome elevar frå heile fylket for å gå på denne linja. Me som skule vil jobbe for å få fleire nisjetilbod som ambulansjelinja og volleyballinja på Sand, men då må me ha eit god tilbod til elevane som er trygt, føreseieleg og held mål, meiner den engasjerte rektoren.

     

    Saka skal opp i formannskapet kommande onsdag, og ordførar Laura Seltveit er positiv til intiativet.

    – Eit internat vil nok vere positivt for skulen. Det er mykje lettare å senda 16-åringen sin på skule og hybel dersom ein har eit slikt tilbod. Nå er det viktig at formannskap og kommune får ei orientering frå Thompson, så får me sjå kva moglegheiter me har til å finna løysingar, kommenterer Laura Seltveit.

    – Eg tek dette opp med kommunen fordi dei har eit ansvar for befolkninga i Sauda og dei sit på bygg og tomter. Me må vere saman om dette dersom me skal få det til, forklarer rektor Espen Thomspon.

     

     


    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:40
    saudasjøen rundt.jpg

    Knuste konkurrentane

    Ungguten Gaute Kvåle slo andremann Nils Kristian Berge (til venstre) med nesten to minutt i laurdagens Saudasjøen rundt. Lars Kvåle blei nummer tre.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:36
    kommunebarometer.jpg

    Sauda på 48. plass

    Rådmann Ann-Helen Eik-Nes (frå venstre), Jakob Svandal, Aslaug Tangeraas og Alan G. Thompson er fornøgd med at Sauda skårer høgt innan administrasjon i Kommunal Rapport sitt kommunebarometer. Men tala kan, ifølge Thompson, tolkast på fleire vis.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:31
    svandalsvegen loftmg_1993.jpg

    Opna utbetra Svandalsveg

    Ordførar Laura Seltveit og fylkesordførar Tom Tvedt opna den nye vegen opp til Svandalen fredag.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:27
    jørn hoel og kor.jpg

    Jaktar på koristar til Jørn Hoel

    Mangel på erfaring er inga hindring.

    Av Linda Merethe Lie

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 10:07
    jon hansen.jpg

    Bad om dialog – føler seg ignorert

    Jon Hansen og Åbødalen Hytteforening skulle gjerne ha bidratt med både dugnad og pengar for å utbetra vegen mellom Jeskedalen og Buer.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 10:00
    politikarar1.jpg

    Skeptiske til fire nye år

    Fleire sentrale politikarar stiller neppe til gjenval.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 09:50
    kommunalt fou.jpg

    Bind saman foreldre og skule

    Ragnhild Roth (til venstre), Solfrid Seim Nilsen, Gerd Olaug Garstad og Hege Michalsen i kommunalt foreldreutval inviterer til kurs om grensesetting.

    Av Linda Merethe Lie

     

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 10:03
    tangeraas10.jpg

    Lei av stadige overskridingar

    Høgres Ivar Tangeraas meiner fordyra kommunale prosjekt er eit hån mot både politikarar og skattebetalarar.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:59
    øyvind vaksdal1.jpg

    Kritisk til politiberedskap

    Stortingspolitikar Øyvind Vaksdal frå frp tykkjer ressurs-situasjonen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt ikkje er haldbar.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:56
    jens jensen.jpg

    Får skryt av Norad

    Fairtrade-Sauda haustar godord frå Norad. Leiar Jens Jensen gler seg over rosen.

    Av Arvid Horpestad

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:53
    havnastova.jpg

    Ingen vidare planar for Havnastova

    Dyr drift gjer at Sauda motorbåtforening kun vil bruke bygget som klubbhus.

    Av Linda Merethe Lie

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:19
    sorteringsanlegg-inni.jpg

    Ber om meir pengar

    Rådmannen ber kommunestyret om til saman 3,7 millionar kroner ekstra til mellom anna gravplassen, sorteringsanlegget (biletet) og Fløgstad skule.

    Av Arvid Horpestad

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:16
    leikeplass framside.jpg

    Innbyr ikkje til leik

    Mange av leikeplassane i Sauda står for fall.

    Av Julie Arnfred Bojesen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:12
    ttrenarkursaudarenarkurssauda.jpg

    Tilbyr trenarkurs til foreldre

    Leiar Rune Dolmen og Sauda Idrettslag vil sette kompetanseutvikling i system.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken