Meningsmåling

Kunne du tenke deg å stille på vallista til eit parti kommande val?



  • 136%
     
  • 263%
     
  • Antall stemmer: 41

Nettkamera kai

Nettkamera Sauda kai

Nettkamera torg

Sauda

Været

Anna

images.jpg

 

 

Twitter

 

 

ryfylke_rgb.jpg

 

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 05.02.2010

    Heilomvending om Svandalsfossen

    Klara Gauthun Tveit frå SV stod i kommunestyret onsdag fast på sitt nei til Svandalsfossen Kraftverk medan Hallgeir Amdal og Laura Seltveit frå Arbeidarpartiet saman med fleirtalet rår til at konsesjon vert gitt.

    Av Arvid Horpestad

    Arbeidarpartiets Hallgeir Amdal var den første som tok ordet då saka om Svandalsfossen kraftverk kom opp i kommunestyret onsdag. Førre gong saka var til behandling i kommunestyret, i november 2008, vedtok fleirtalet å frårå at det vart gitt konsesjon for utbygging av kraftverket. Mette Seim frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Høgre og Senterpartiet utgjorde den gongen mindretalet som støtta planane.

    Onsdag var det berre dei to representantane frå Venstre og Sosialistisk Venstreparti som stemte for å frårå konsesjon.

     

    – Arbeidarpartiet har snudd i denne saka, konstaterte Hallgeir Amdal onsdag.

    Vilkåra Amdal sette for å seia ja, er at det vert ei minstevassføring på ein kubikkmeter i sekundet i perioden 15. mai til 15. september. Dette er 14 dagar lenger enn kva Haugaland Kraft føreslo i sine planar.

    Amdal forklarte at Ap legg vekt på argumentasjonen om at utbyggingsplanane vil gi stoppunktet langs Nasjonal turistveg auka attraksjonsverdi og slik vera eit bidrag til satsing på turisme og næringsliv.

     

    – Årsaka til at Ap har snudd i denne saka er at tilbodet er blitt betre – argumentasjonen frå Haugaland Kraft og Sauda Vekst har verka. Me trur at i staden for at attraksjonen vert dårlegare ved utbygging kan den verta betre ved bygging av oppgangssaga, forklarte Hallgeir Amdal.

    Amdal festa lit til at det vil vera mogleg å skapa næring i tilknyting til satsinga ved Svandalsfossen. Han la vekt på at det ikkje må leggast opp til at kommunen vert belasta driftsutgifter på stoppunktet, og viste til intensjonsavtalen der Sauda Vekst tek på seg ansvaret for restaurering og tilrettelegging. Han la óg vekt på at utbygginga vil skapa næringsgrunnlag i ei tid der det er vorte nødvendig å realisera alle ressursar for å oppretthalda drift og busetnad, og at sjølve utbygginga vil vera tenleg for næringslivet i byen. Han viste vidare til at utbygginga av fossen vil tena felleskassen til Sauda kommune og med det innbyggarane.

     

    Kristeleg Folkepartis Wenche Øystese opplyste at også hennar parti har snudd og er med på å tilrå konsesjon for utbygging. Ho såg positivt på at ei utbygging med minstevassføring kan gi kommunen inntekter, skapa arbeidsplassar og gi eit visingsrom med mykje glas for den moderne kraftproduksjonen som i kombinasjon med den gamle oppgangssaga gir eit innblikk i historia.

     

     


    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:40
    saudasjøen rundt.jpg

    Knuste konkurrentane

    Ungguten Gaute Kvåle slo andremann Nils Kristian Berge (til venstre) med nesten to minutt i laurdagens Saudasjøen rundt. Lars Kvåle blei nummer tre.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:36
    kommunebarometer.jpg

    Sauda på 48. plass

    Rådmann Ann-Helen Eik-Nes (frå venstre), Jakob Svandal, Aslaug Tangeraas og Alan G. Thompson er fornøgd med at Sauda skårer høgt innan administrasjon i Kommunal Rapport sitt kommunebarometer. Men tala kan, ifølge Thompson, tolkast på fleire vis.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:31
    svandalsvegen loftmg_1993.jpg

    Opna utbetra Svandalsveg

    Ordførar Laura Seltveit og fylkesordførar Tom Tvedt opna den nye vegen opp til Svandalen fredag.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:27
    jørn hoel og kor.jpg

    Jaktar på koristar til Jørn Hoel

    Mangel på erfaring er inga hindring.

    Av Linda Merethe Lie

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 10:07
    jon hansen.jpg

    Bad om dialog – føler seg ignorert

    Jon Hansen og Åbødalen Hytteforening skulle gjerne ha bidratt med både dugnad og pengar for å utbetra vegen mellom Jeskedalen og Buer.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 10:00
    politikarar1.jpg

    Skeptiske til fire nye år

    Fleire sentrale politikarar stiller neppe til gjenval.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 09:50
    kommunalt fou.jpg

    Bind saman foreldre og skule

    Ragnhild Roth (til venstre), Solfrid Seim Nilsen, Gerd Olaug Garstad og Hege Michalsen i kommunalt foreldreutval inviterer til kurs om grensesetting.

    Av Linda Merethe Lie

     

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 10:03
    tangeraas10.jpg

    Lei av stadige overskridingar

    Høgres Ivar Tangeraas meiner fordyra kommunale prosjekt er eit hån mot både politikarar og skattebetalarar.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:59
    øyvind vaksdal1.jpg

    Kritisk til politiberedskap

    Stortingspolitikar Øyvind Vaksdal frå frp tykkjer ressurs-situasjonen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt ikkje er haldbar.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:56
    jens jensen.jpg

    Får skryt av Norad

    Fairtrade-Sauda haustar godord frå Norad. Leiar Jens Jensen gler seg over rosen.

    Av Arvid Horpestad

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:53
    havnastova.jpg

    Ingen vidare planar for Havnastova

    Dyr drift gjer at Sauda motorbåtforening kun vil bruke bygget som klubbhus.

    Av Linda Merethe Lie

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:19
    sorteringsanlegg-inni.jpg

    Ber om meir pengar

    Rådmannen ber kommunestyret om til saman 3,7 millionar kroner ekstra til mellom anna gravplassen, sorteringsanlegget (biletet) og Fløgstad skule.

    Av Arvid Horpestad

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:16
    leikeplass framside.jpg

    Innbyr ikkje til leik

    Mange av leikeplassane i Sauda står for fall.

    Av Julie Arnfred Bojesen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:12
    ttrenarkursaudarenarkurssauda.jpg

    Tilbyr trenarkurs til foreldre

    Leiar Rune Dolmen og Sauda Idrettslag vil sette kompetanseutvikling i system.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken