Meningsmåling

Kunne du tenke deg å stille på vallista til eit parti kommande val?



  • 136%
     
  • 263%
     
  • Antall stemmer: 41

Nettkamera kai

Nettkamera Sauda kai

Nettkamera torg

Sauda

Været

Anna

images.jpg

 

 

Twitter

 

 

ryfylke_rgb.jpg

 

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 05.02.2010

    Teknisk sjef seier opp

    Harald Halvorsen Løland blir avdelingsleiar i Tveit Regnskap as.

    Av Ingvil Bakka

    – Ikkje kvar dag det dukkar opp stillingar innan mitt fagfelt, seier Harald Halvorsen Løland.

    Vanviksbuen med utdanning innan skogbruk og økonomi frå landbrukshøgskule, underteikna måndag kveld tilsettingspapira med rekneskapsfirmaet Tveit Regnskap as. Løland skal leia selskapet si avdeling i Sauda og Suldal.

    Avdelingsleiarjobben er ei ny stilling i rekneskapsfirmaet. Ifølge dagleg leiar Jone Tveit vil Løland få mange landbruk- og skogbrukssaker å arbeida med. Selskapet har idag om lag 1700 jordbrukskundar og 2500 bedriftskundar.

    – Me har mange bønder i Sauda og Suldal som kunder. Å føra rekneskap for bønder er grunnplattforma vår. I tillegg driv me med rådgiving og nyskaping innan landbruk og anna næringsliv. Arealplanlegging og driftsplanlegging hjelper me også til med, seier Tveit.

    Avdelingsleiarstillinga til Halvorsen Løland er ei nyoppretta stilling som kjem som følge av at selskapet bygger seg opp i Indre Ryfylke.

    – Sauda og Suldal har fram til nå lege under Skjold, men me har nå vakse såpass at me vil ha Sauda og Suldal som ei sjølvstendig avdeling, fortel Tveit.

    Rekneskapsfirmaet har brukt tid på å leita etter ein avdelingsleiar for Sauda/Suldal-avdelinga si.

    – Veldig kjekt å få med oss Harald Halvorsen Løland. Han er midt i blinken for oss med den kompetansen han har og hans veremåte, seier Jone Tveit.

    Harald Halvorsen Løland har jobba som teknisk sjef i Sauda kommune i to år. Før dette var han prosjektleiar for kommunen sin utbyggingsplan for Svandalen. I nærare ti år har 34-åringen vore tilsett i offentleg sektor.

    – Då det dukka opp ein slik jobb, måtte eg vurdera det. Då eg fekk tilbodet om stillinga gjorde dei det skikkeleg vanskeleg for meg. Det var inga lett avgjerd, vedgår Halvorsen Løland.

    Han presiserer at det ikkje er noko dramatikk i at han nå vel å forlata teknisk sjef-jobben i Sauda, og at jobbskiftet kun handlar om ønsket om å jobba med fagfeltet han er utdanna i.

    Halvorsen Løland blir i stillinga i Sauda kommune fram til 1. juni.

    I sin nye jobb i Tveit Regnskap as vil han ha kontor i både Sauda og Suldal og ha seks tilsette under seg.

     

     


    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:40
    saudasjøen rundt.jpg

    Knuste konkurrentane

    Ungguten Gaute Kvåle slo andremann Nils Kristian Berge (til venstre) med nesten to minutt i laurdagens Saudasjøen rundt. Lars Kvåle blei nummer tre.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:36
    kommunebarometer.jpg

    Sauda på 48. plass

    Rådmann Ann-Helen Eik-Nes (frå venstre), Jakob Svandal, Aslaug Tangeraas og Alan G. Thompson er fornøgd med at Sauda skårer høgt innan administrasjon i Kommunal Rapport sitt kommunebarometer. Men tala kan, ifølge Thompson, tolkast på fleire vis.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:31
    svandalsvegen loftmg_1993.jpg

    Opna utbetra Svandalsveg

    Ordførar Laura Seltveit og fylkesordførar Tom Tvedt opna den nye vegen opp til Svandalen fredag.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:27
    jørn hoel og kor.jpg

    Jaktar på koristar til Jørn Hoel

    Mangel på erfaring er inga hindring.

    Av Linda Merethe Lie

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 10:07
    jon hansen.jpg

    Bad om dialog – føler seg ignorert

    Jon Hansen og Åbødalen Hytteforening skulle gjerne ha bidratt med både dugnad og pengar for å utbetra vegen mellom Jeskedalen og Buer.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 10:00
    politikarar1.jpg

    Skeptiske til fire nye år

    Fleire sentrale politikarar stiller neppe til gjenval.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 09:50
    kommunalt fou.jpg

    Bind saman foreldre og skule

    Ragnhild Roth (til venstre), Solfrid Seim Nilsen, Gerd Olaug Garstad og Hege Michalsen i kommunalt foreldreutval inviterer til kurs om grensesetting.

    Av Linda Merethe Lie

     

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 10:03
    tangeraas10.jpg

    Lei av stadige overskridingar

    Høgres Ivar Tangeraas meiner fordyra kommunale prosjekt er eit hån mot både politikarar og skattebetalarar.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:59
    øyvind vaksdal1.jpg

    Kritisk til politiberedskap

    Stortingspolitikar Øyvind Vaksdal frå frp tykkjer ressurs-situasjonen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt ikkje er haldbar.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:56
    jens jensen.jpg

    Får skryt av Norad

    Fairtrade-Sauda haustar godord frå Norad. Leiar Jens Jensen gler seg over rosen.

    Av Arvid Horpestad

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:53
    havnastova.jpg

    Ingen vidare planar for Havnastova

    Dyr drift gjer at Sauda motorbåtforening kun vil bruke bygget som klubbhus.

    Av Linda Merethe Lie

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:19
    sorteringsanlegg-inni.jpg

    Ber om meir pengar

    Rådmannen ber kommunestyret om til saman 3,7 millionar kroner ekstra til mellom anna gravplassen, sorteringsanlegget (biletet) og Fløgstad skule.

    Av Arvid Horpestad

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:16
    leikeplass framside.jpg

    Innbyr ikkje til leik

    Mange av leikeplassane i Sauda står for fall.

    Av Julie Arnfred Bojesen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:12
    ttrenarkursaudarenarkurssauda.jpg

    Tilbyr trenarkurs til foreldre

    Leiar Rune Dolmen og Sauda Idrettslag vil sette kompetanseutvikling i system.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken