Meningsmåling

Kunne du tenke deg å stille på vallista til eit parti kommande val?



  • 136%
     
  • 263%
     
  • Antall stemmer: 41

Nettkamera kai

Nettkamera Sauda kai

Nettkamera torg

Sauda

Været

Anna

images.jpg

 

 

Twitter

 

 

ryfylke_rgb.jpg

 

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 05.02.2010

    Historisk tunge tider

    Glasfabrikken har sendt permitteringsvarsel til 18 tilsette.

    Av Ingvil Bakka

    – Den tøffaste perioden bedrifta har vore i nokon gong, seier Knut Egil Halland, klubbleiar hos Saint Gobain Bøckman as, avdeling Sauda.

    Truleg vil 18 årsverk blant dei totalt 62 tilsette ved bedrifta bli permittert dei komande vekene. I glasfabrikken si 25-årige historie har dei aldri hatt fleire enn ti permitterte om gongen.

    I eit møte måndag kveld blei fagforeininga og leiinga einige om korleis dei skal gjennomføra dei uunngåelege permitteringane. 15 tilsette i produksjonen fekk permitteringsvarselet tysdag. Etter planen vil dei første ni tilsette bli tatt ut av arbeidet om halvannan veke. Dersom ingen uventa ordrar kjem inn dei næraste vekene, vil også dei seks andre bli permittert.

    – I tillegg har me sett som krav at også tilsette i administrasjonen blir permittert. Er det mindre å gjera i produksjonen blir det også mindre å gjera på kontora, seier Halland.

    Truleg blir derfor også tre tilsette i administrasjonen ramma av permitteringane.

    Fagforeininga og leiinga har brukt ansiennitetsprinsippet når dei har bestemt kven som skal permitterast.

    – Ein ryddig og sakleg prosess. Alle forstår at me ikkje greier å unngå permitteringar, seier Halland.

    Glasfabrikken i Saudasjøen opererer i ein bransje der marknaden svingar veldig, men bedrifta kom seg gjennom heile finanskriseåret 2009 utan permitteringar. Ifølge plassjef Even Heimtun kan dette tilskrivast høge ordrereservar.

    – I 2008 blei det sett i gang mange byggeprosjekt som ikkje let seg stoppa og måtte gjennomførast i 2009. Men i 2009 var det ein nedgang på 30 prosent i talet på areal i påstarta byggeprosjekt, forklarer Heimtun.

    Klubbleiar Knut Egil Halland fortel at konkurransen på glasmarknaden stadig blir tøffare.

    – Me måtte kjempa ganske mykje for å få tak i ordrar i 2009. Konkurransen med bedrifter i blant anna Polen og Estland gjorde at me fekk lite betalt for glasa våre, seier han.

    Ifølge klubbleiar Knut Egil Halland kan ein risikera å måtta venta heilt til slutten av 2010 før den vanskelege situasjonen på marknaden snur.

    – ”Forståsegpåarane” har spådd at 2010 blir eit dårleg år. Kanskje vil det stiga litt mot slutten av året. Men det er umuleg å vita. Me lever i ein bransje som vanlegvis bare ser ei-to veker fram i tid, seier Knut Egil Halland. 

     


    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:40
    saudasjøen rundt.jpg

    Knuste konkurrentane

    Ungguten Gaute Kvåle slo andremann Nils Kristian Berge (til venstre) med nesten to minutt i laurdagens Saudasjøen rundt. Lars Kvåle blei nummer tre.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:36
    kommunebarometer.jpg

    Sauda på 48. plass

    Rådmann Ann-Helen Eik-Nes (frå venstre), Jakob Svandal, Aslaug Tangeraas og Alan G. Thompson er fornøgd med at Sauda skårer høgt innan administrasjon i Kommunal Rapport sitt kommunebarometer. Men tala kan, ifølge Thompson, tolkast på fleire vis.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:31
    svandalsvegen loftmg_1993.jpg

    Opna utbetra Svandalsveg

    Ordførar Laura Seltveit og fylkesordførar Tom Tvedt opna den nye vegen opp til Svandalen fredag.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:27
    jørn hoel og kor.jpg

    Jaktar på koristar til Jørn Hoel

    Mangel på erfaring er inga hindring.

    Av Linda Merethe Lie

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 10:07
    jon hansen.jpg

    Bad om dialog – føler seg ignorert

    Jon Hansen og Åbødalen Hytteforening skulle gjerne ha bidratt med både dugnad og pengar for å utbetra vegen mellom Jeskedalen og Buer.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 10:00
    politikarar1.jpg

    Skeptiske til fire nye år

    Fleire sentrale politikarar stiller neppe til gjenval.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 09:50
    kommunalt fou.jpg

    Bind saman foreldre og skule

    Ragnhild Roth (til venstre), Solfrid Seim Nilsen, Gerd Olaug Garstad og Hege Michalsen i kommunalt foreldreutval inviterer til kurs om grensesetting.

    Av Linda Merethe Lie

     

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 10:03
    tangeraas10.jpg

    Lei av stadige overskridingar

    Høgres Ivar Tangeraas meiner fordyra kommunale prosjekt er eit hån mot både politikarar og skattebetalarar.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:59
    øyvind vaksdal1.jpg

    Kritisk til politiberedskap

    Stortingspolitikar Øyvind Vaksdal frå frp tykkjer ressurs-situasjonen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt ikkje er haldbar.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:56
    jens jensen.jpg

    Får skryt av Norad

    Fairtrade-Sauda haustar godord frå Norad. Leiar Jens Jensen gler seg over rosen.

    Av Arvid Horpestad

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:53
    havnastova.jpg

    Ingen vidare planar for Havnastova

    Dyr drift gjer at Sauda motorbåtforening kun vil bruke bygget som klubbhus.

    Av Linda Merethe Lie

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:19
    sorteringsanlegg-inni.jpg

    Ber om meir pengar

    Rådmannen ber kommunestyret om til saman 3,7 millionar kroner ekstra til mellom anna gravplassen, sorteringsanlegget (biletet) og Fløgstad skule.

    Av Arvid Horpestad

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:16
    leikeplass framside.jpg

    Innbyr ikkje til leik

    Mange av leikeplassane i Sauda står for fall.

    Av Julie Arnfred Bojesen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:12
    ttrenarkursaudarenarkurssauda.jpg

    Tilbyr trenarkurs til foreldre

    Leiar Rune Dolmen og Sauda Idrettslag vil sette kompetanseutvikling i system.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken