Meningsmåling

Kunne du tenke deg å stille på vallista til eit parti kommande val?



  • 136%
     
  • 263%
     
  • Antall stemmer: 41

Nettkamera kai

Nettkamera Sauda kai

Nettkamera torg

Sauda

Været

Anna

images.jpg

 

 

Twitter

 

 

ryfylke_rgb.jpg

 

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 02.03.2010

    Kjempar for utebassenget

    Arve Guggedal (frå venstre), Ruth Audny Klungtveit og Sindre Hardeland engasjwerer seg i utebasseng-saka.

    Av Tone Jensen

    Dette er det einaste fritidstilbodet me har i Sauda sommarstid. Trist dersom kommunen stenger bassenget, seier Arve Guggedal.

    Guggedal har saman med læraren sin, Ruth Audny Klungtveit, og medelevane sine ved ungdomskulen engasjert seg for å behalde opninga av utebassenget i Sauda om sommaren.

    Det heile starta i januar då me skreiv ein del tekstar på skulen som handla om framtida. Det viste seg at fleire av elevane var opptekne av at kommunen vil stenge utebassenget i sommar. Dette engasjementet førte til at me danna ei gruppe på nettstaden Facebook, fortel norsklærar ved Sauda ungdomsskule Ruth Audny Klungtveit.

    Gruppa har per dags dato 1 251 medlemmer.

    Bakgrunnen for den varsla stenginga av utebassenget vart tatt opp i kommunestyret i desember i fjor. Då vedtok fleirtalspartiet Arbeidarpartiet å stenga utebassenget inntil teknisk eining har lagt fram ein kostnadskalkyle som gjer vidare drift forsvarleg ut frå gjeldande bassengforeskrifter. Anne Grethe Lindseth (Ap) peika då på at bassenget sleit med eit garderobebygg i forfall, eit røyrsystem som held på å bli øydelagt av trerøter og målingar som viser dårleg vasskvalitet. Vedtaket om å finna ut kor mykje det vil kosta å få utebassenget i god stand fører truleg til at bassenget ikkje blir opna til sommaren.

    Nå har dei brukt 14 millionar på noko som ikkje blei noko av, då bør dei klare å få i stand eit utebasseng, meiner Arve Guggedal, og siktar til forprosjektet til kulturverket.

    Nå håpar elevane og læraren deira at engasjementet skal føre fram.

    Utebassenget er den einaste attraksjonen me har om sommaren. Kva med å sette det i stand, og kombinere med ein skatepark, til dømes, foreslår Sindre Hardeland.

    Og det manglar ikkje på idear frå den samstemte gjengen.

    Kva med å ha ope vinterstid? Eller om ettermiddagen? Dette området har stort potensial, seier Klungtveit, før ho peikar på alternativa.

    Åbøbyen, vegen rundt Tangen, utebassenget, skatepark og treningssenter. Alt dette kan gjerast til ein flott rekreasjonsplass, og noko for turistar. Eg forventar at politikarane nå kjem på banen og bestemmer seg for kva juvelar som skal takast vare på her i Sauda, presiserer Ruth Audny Klungtveit.


    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:40
    saudasjøen rundt.jpg

    Knuste konkurrentane

    Ungguten Gaute Kvåle slo andremann Nils Kristian Berge (til venstre) med nesten to minutt i laurdagens Saudasjøen rundt. Lars Kvåle blei nummer tre.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:36
    kommunebarometer.jpg

    Sauda på 48. plass

    Rådmann Ann-Helen Eik-Nes (frå venstre), Jakob Svandal, Aslaug Tangeraas og Alan G. Thompson er fornøgd med at Sauda skårer høgt innan administrasjon i Kommunal Rapport sitt kommunebarometer. Men tala kan, ifølge Thompson, tolkast på fleire vis.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:31
    svandalsvegen loftmg_1993.jpg

    Opna utbetra Svandalsveg

    Ordførar Laura Seltveit og fylkesordførar Tom Tvedt opna den nye vegen opp til Svandalen fredag.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:27
    jørn hoel og kor.jpg

    Jaktar på koristar til Jørn Hoel

    Mangel på erfaring er inga hindring.

    Av Linda Merethe Lie

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 10:07
    jon hansen.jpg

    Bad om dialog – føler seg ignorert

    Jon Hansen og Åbødalen Hytteforening skulle gjerne ha bidratt med både dugnad og pengar for å utbetra vegen mellom Jeskedalen og Buer.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 10:00
    politikarar1.jpg

    Skeptiske til fire nye år

    Fleire sentrale politikarar stiller neppe til gjenval.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 09:50
    kommunalt fou.jpg

    Bind saman foreldre og skule

    Ragnhild Roth (til venstre), Solfrid Seim Nilsen, Gerd Olaug Garstad og Hege Michalsen i kommunalt foreldreutval inviterer til kurs om grensesetting.

    Av Linda Merethe Lie

     

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 10:03
    tangeraas10.jpg

    Lei av stadige overskridingar

    Høgres Ivar Tangeraas meiner fordyra kommunale prosjekt er eit hån mot både politikarar og skattebetalarar.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:59
    øyvind vaksdal1.jpg

    Kritisk til politiberedskap

    Stortingspolitikar Øyvind Vaksdal frå frp tykkjer ressurs-situasjonen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt ikkje er haldbar.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:56
    jens jensen.jpg

    Får skryt av Norad

    Fairtrade-Sauda haustar godord frå Norad. Leiar Jens Jensen gler seg over rosen.

    Av Arvid Horpestad

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:53
    havnastova.jpg

    Ingen vidare planar for Havnastova

    Dyr drift gjer at Sauda motorbåtforening kun vil bruke bygget som klubbhus.

    Av Linda Merethe Lie

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:19
    sorteringsanlegg-inni.jpg

    Ber om meir pengar

    Rådmannen ber kommunestyret om til saman 3,7 millionar kroner ekstra til mellom anna gravplassen, sorteringsanlegget (biletet) og Fløgstad skule.

    Av Arvid Horpestad

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:16
    leikeplass framside.jpg

    Innbyr ikkje til leik

    Mange av leikeplassane i Sauda står for fall.

    Av Julie Arnfred Bojesen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:12
    ttrenarkursaudarenarkurssauda.jpg

    Tilbyr trenarkurs til foreldre

    Leiar Rune Dolmen og Sauda Idrettslag vil sette kompetanseutvikling i system.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken