Nyhende |
|
Ambulanselinja populærAvdelingsleiar ved helsefag ved Sauda vidaregåande skule, Oskar Waage-Pettersen, gler seg over at skulen har nok søkarar til å fylle to klassar. Av Linda Merethe Lie
9. desember blei det klart at Sauda vidaregåande skule vann kampen om ambulanselinja til fordel for den vidaregåande skulen i Åkrehamn på Karmøy. Avdelingsleiar for helsefag, Oskar Waage Pettersen, framheva då at det å kunne tilby nisjetilbod var viktig for at skulen i Sauda skulle unngå å stå overfor eit skrekkscenario om nokre år. – Dette med tanke på eit nedadgåande folketal og eit mindre elevgrunnlag, sa han då. Spenninga kring kor mange som ville søke seg på ambulansefag har vore stor, men trua på at tilbodet skulle bli populært har vore der frå starten. Og det har vist seg at optimismen var berettiga. I går gjekk søknadsfristen til vidaregåande skular i heile Norge ut. Ut frå talet på søkarar til ambulanselinja ved Sauda vidaregåande skule ser det ut som om det blir kamp om dei 15 plassane. – Vi har 40 søkarar til denne linja, noko vi óg hadde tru på i forkant. Alt ein månad før fristen gjekk ut hadde vi over 20 søkarar. Heilt fantastisk! opplyser Waage-Pettersen entusiastisk. – Det er primærsøkarane, ungdommane, som har førsteretten til vidaregåande skule. Men med eit søkartal som dette kunne vi utan problem ha fyllt opp både halvannan og to klassar, meiner Waage-Pettersen. Det er fylket som har bestemt at det kun skal opprettast eit klasse. – I utgangspunktet skal det berre vere 15 plassar og det forheld vi oss til. Argumentasjonen, slik eg har forstått det, er at Helse Fonna og sjukehuset i Stavanger har sagt at dei kan ta ansvar for å skaffe lærlingplassar til elevane våre. Eg og rektor Espen Thompson skal i møte med Helse Fonna, noko som indikerer at dei ønsker å høyre på oss og vil ha eit samarbeid. Då kan vi snakke om utplassering av elevar. Viss dei kan tenke seg å opprette fleire plassar, er det positivt. Det er opp til dei, men det kan godt hende at dei har bestemt seg for at 15 plassar er det dei kan takle nå, presiserer avdelingsleiaren. Arbeidet med å skaffe kvalifisert fagpersonell til den nyoppretta linja er også i full gang. Skulen har søkt etter ein ekstra fagperson. Søknadsfristen for fagpersonen går ut fredag denne uka. Sjølv om skulen ikkje har fått inn søknadar ennå er Oskar Waage-Pettersen ikkje veldig bekymra. – Det er fleire personar som har kompetansen vi er ute etter som har kontakta oss. Det blir spennande å sjå om dei sender inn ein søknad. Får vi ikkje det nå i løpet av første utlysing, må vi prøve igjen, og gjerne kontakte folk. Det er fleire måtar vi kan løyse dette på. Vi kan ha inne ein person i fast stilling eller vi kan knytte til oss fagpersonell som kjenner systemet og som kan undervise innan ulike emne. Ein er jo alltid litt bekymra for at det ikkje skal ordne seg, men eg kan ikkje tenke meg at ambulanselinja skal komme til å stoppe opp, slår Oskar Waage-Pettersen bestemt fast.
|
|
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:40
Knuste konkurrentaneUngguten Gaute Kvåle slo andremann Nils Kristian Berge (til venstre) med nesten to minutt i laurdagens Saudasjøen rundt. Lars Kvåle blei nummer tre. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:36
Sauda på 48. plassRådmann Ann-Helen Eik-Nes (frå venstre), Jakob Svandal, Aslaug Tangeraas og Alan G. Thompson er fornøgd med at Sauda skårer høgt innan administrasjon i Kommunal Rapport sitt kommunebarometer. Men tala kan, ifølge Thompson, tolkast på fleire vis. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:31
Opna utbetra SvandalsvegOrdførar Laura Seltveit og fylkesordførar Tom Tvedt opna den nye vegen opp til Svandalen fredag. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:27
Jaktar på koristar til Jørn HoelMangel på erfaring er inga hindring. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:07
Bad om dialog – føler seg ignorertJon Hansen og Åbødalen Hytteforening skulle gjerne ha bidratt med både dugnad og pengar for å utbetra vegen mellom Jeskedalen og Buer. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:00
Skeptiske til fire nye årFleire sentrale politikarar stiller neppe til gjenval. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 09:50
Bind saman foreldre og skuleRagnhild Roth (til venstre), Solfrid Seim Nilsen, Gerd Olaug Garstad og Hege Michalsen i kommunalt foreldreutval inviterer til kurs om grensesetting. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 10:03
Lei av stadige overskridingarHøgres Ivar Tangeraas meiner fordyra kommunale prosjekt er eit hån mot både politikarar og skattebetalarar. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:59
Kritisk til politiberedskapStortingspolitikar Øyvind Vaksdal frå frp tykkjer ressurs-situasjonen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt ikkje er haldbar. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:56
Får skryt av NoradFairtrade-Sauda haustar godord frå Norad. Leiar Jens Jensen gler seg over rosen. Av Arvid Horpestad » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:53
Ingen vidare planar for HavnastovaDyr drift gjer at Sauda motorbåtforening kun vil bruke bygget som klubbhus. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:19
Ber om meir pengarRådmannen ber kommunestyret om til saman 3,7 millionar kroner ekstra til mellom anna gravplassen, sorteringsanlegget (biletet) og Fløgstad skule. Av Arvid Horpestad » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:16
Innbyr ikkje til leikMange av leikeplassane i Sauda står for fall. Av Julie Arnfred Bojesen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:12
Tilbyr trenarkurs til foreldreLeiar Rune Dolmen og Sauda Idrettslag vil sette kompetanseutvikling i system. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |






