Meningsmåling

Kunne du tenke deg å stille på vallista til eit parti kommande val?



  • 136%
     
  • 263%
     
  • Antall stemmer: 41

Nettkamera kai

Nettkamera Sauda kai

Nettkamera torg

Sauda

Været

Anna

images.jpg

 

 

Twitter

 

 

ryfylke_rgb.jpg

 

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 02.03.2010

    Samlar seg om Rysteg

    Bernt Jarle Dolmen (til venstre), Håvard Rosnes og Hans Sæther er glade for at Sauda Bedriftsservice og Senit er blitt ei bedrift.

    Av Tone Jensen

    Årsaka til at me nå går saman er at me ønsker å gi eit breiare tilbod, både for kundane våre og for dei som jobbar i bedriftene, seier den nyvalde styreformannen i Rysteg as, Bernt Jarle Dolmen.

    Sauda Bedriftservice etablerte seg i Sauda for vel ti år sidan, medan Senit har vore i drift i Sauda i ein årekke då Senit var ei vidareføring av det som før heitte Sauda Produkter.

    Me vil nå kunne gi eit breiare tilbod både til dei som har behov for hjelp til å komme seg inn i arbeidslivet, og til dei som treng varig tilrettelagt arbeid. Dessutan vil me få betre kompetanse på leiarnivå når me får samla kunnskapen inn i ei bedrift, seier den nyvalde styreleiaren i Rysteg as.

    Sauda og Suldal kommunar eig størstedelen av aksjane i både Senit og Sauda Bedriftservise som nå vil bli heitande Rysteg. Namnet på den nyetablerte bedrifta er ikkje tilfeldig.

    Namnet skal signalisere at dette er ei bedrift for Sauda og Suldal, og at me jobbar ut frå å gradvis ta steg for steg inn i arbeidslivet. Eit bra namn, synest eg, meiner Dolmen.

    Håvard Rosnes skal vere dagleg leiar i Rysteg. Han var fram til samanslåinga dagleg leiar i Senit Arbeid og Kompetansebygging as.

    Bernt Jarle Dolmen reknar med at det vil vere rundt 100 menneske som vil ha bruk for å få tilrettelagt arbeid gjennom Rysteg i løpet av eit år.

    Sauda Bedriftservice har omkring 50 personar innom i arbeid i løpet av eit år, og Senit har tilsvarande, kommenterer Dolmen.

    Førebels vil bedrifta halde seg i den same lokala som tidlegare, med ei avdeling ute på Nesøyra og ei avdeling inne i sentrum. Det er likevel ting som tydar på at det kan komme ei endring når det gjeld lokalisering. Den gamle yrkesskulen på Nesøyra, som har vore eigd av Senit dei siste åra, er nå selt til Alsaker Eiendom as.

    Me vil halde fram med å leigelokale på den gamle yrkesskulen, men kor lenge er ikkje bestemt. Lokalisering er ein av tinga det nye styret i Rysteg nå vil jobbe med, forklarer Hans Sæther, nestformann i styret.

     


    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:40
    saudasjøen rundt.jpg

    Knuste konkurrentane

    Ungguten Gaute Kvåle slo andremann Nils Kristian Berge (til venstre) med nesten to minutt i laurdagens Saudasjøen rundt. Lars Kvåle blei nummer tre.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:36
    kommunebarometer.jpg

    Sauda på 48. plass

    Rådmann Ann-Helen Eik-Nes (frå venstre), Jakob Svandal, Aslaug Tangeraas og Alan G. Thompson er fornøgd med at Sauda skårer høgt innan administrasjon i Kommunal Rapport sitt kommunebarometer. Men tala kan, ifølge Thompson, tolkast på fleire vis.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:31
    svandalsvegen loftmg_1993.jpg

    Opna utbetra Svandalsveg

    Ordførar Laura Seltveit og fylkesordførar Tom Tvedt opna den nye vegen opp til Svandalen fredag.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:27
    jørn hoel og kor.jpg

    Jaktar på koristar til Jørn Hoel

    Mangel på erfaring er inga hindring.

    Av Linda Merethe Lie

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 10:07
    jon hansen.jpg

    Bad om dialog – føler seg ignorert

    Jon Hansen og Åbødalen Hytteforening skulle gjerne ha bidratt med både dugnad og pengar for å utbetra vegen mellom Jeskedalen og Buer.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 10:00
    politikarar1.jpg

    Skeptiske til fire nye år

    Fleire sentrale politikarar stiller neppe til gjenval.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 09:50
    kommunalt fou.jpg

    Bind saman foreldre og skule

    Ragnhild Roth (til venstre), Solfrid Seim Nilsen, Gerd Olaug Garstad og Hege Michalsen i kommunalt foreldreutval inviterer til kurs om grensesetting.

    Av Linda Merethe Lie

     

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 10:03
    tangeraas10.jpg

    Lei av stadige overskridingar

    Høgres Ivar Tangeraas meiner fordyra kommunale prosjekt er eit hån mot både politikarar og skattebetalarar.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:59
    øyvind vaksdal1.jpg

    Kritisk til politiberedskap

    Stortingspolitikar Øyvind Vaksdal frå frp tykkjer ressurs-situasjonen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt ikkje er haldbar.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:56
    jens jensen.jpg

    Får skryt av Norad

    Fairtrade-Sauda haustar godord frå Norad. Leiar Jens Jensen gler seg over rosen.

    Av Arvid Horpestad

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:53
    havnastova.jpg

    Ingen vidare planar for Havnastova

    Dyr drift gjer at Sauda motorbåtforening kun vil bruke bygget som klubbhus.

    Av Linda Merethe Lie

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:19
    sorteringsanlegg-inni.jpg

    Ber om meir pengar

    Rådmannen ber kommunestyret om til saman 3,7 millionar kroner ekstra til mellom anna gravplassen, sorteringsanlegget (biletet) og Fløgstad skule.

    Av Arvid Horpestad

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:16
    leikeplass framside.jpg

    Innbyr ikkje til leik

    Mange av leikeplassane i Sauda står for fall.

    Av Julie Arnfred Bojesen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:12
    ttrenarkursaudarenarkurssauda.jpg

    Tilbyr trenarkurs til foreldre

    Leiar Rune Dolmen og Sauda Idrettslag vil sette kompetanseutvikling i system.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken