Meningsmåling

Kunne du tenke deg å stille på vallista til eit parti kommande val?



  • 136%
     
  • 263%
     
  • Antall stemmer: 41

Nettkamera kai

Nettkamera Sauda kai

Nettkamera torg

Sauda

Været

Anna

images.jpg

 

 

Twitter

 

 

ryfylke_rgb.jpg

 

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 05.03.2010

    Siviløkonom leiar fabrikken

    Eramet Sauda har tilsett Kåre Bjarte Bjelland som ny fabrikksjef.

    Av Ingvil Bakka

     

    – Folk er overraska. Det er eg også, seier Kåre Bjarte Bjelland.

    Kåre Bjarte Bjelland er utdanna siviløkonom og har dei siste ni åra drive rådgivarfirmaet KBB Scenario i kunnskapsparken til Eramet. Før han starta for seg sjølv var han i seks år tilsett ved smelteverket i Sauda som økonomisjef, som personalsjef og som analytikar med arbeidsoppgåver knytt til strategi og integrasjon. Etter endt utdanning jobba han dessutan fire år for Statoil i Stavanger. Men rein fabrikkdrift har han lite erfaring med, anna enn sommarjobbar i omnshuset i ungdommen.

    – Men eg meiner eg kjenner erametsystemet godt. I mine ni år i KBB Scenario har nok i snitt 30 prosent av arbeidstida mi vore knytt til arbeid for Eramet, forklarer Bjelland.

    Siviløkonomen vedgår likevel at hans manglande faglege og industrielle bakgrunn kan gi han utfordringar i jobben som fabrikksjef.

    – Viss produksjonen ved ein omn har gått ned eit døger, må dei ikkje spørra meg korleis ein skal få den opp igjen. Eg har jo ikkje peiling på omnar og belte og slikt. Men eg er trygg på at dei andre tilsette sit på kompetansen, og denne mistar dei jo ikkje sjølv om dei har ein økonom som sjef, seier han.

    Informasjonsdirektør ved Eramet Norway, Bernt Jarle Dolmen, seier smelteverket er svært glad for å få Kåre Bjarte Bjelland med på laget.

    – Me er veldig fornøgd med denne tilsettinga. Me trur Bjelland vil vera ein god mann for oss, seier Dolmen.

    Etter ni år i vesle KBB Scenario og fleire erfaringar frå oppstart og drift av minibedrifter, trur Bjelland at han kan få seg litt av eit kultursjokk når han nå skal ha det øvste ansvaret for drifta ved eit stort smelteverk. Hans nye rolle gir han ei sentral stilling i både det lokale næringslivet og i det norske erametsystemet.

    Den nye fabrikksjefen tiltrer stillinga 15. mars.

     


    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:40
    saudasjøen rundt.jpg

    Knuste konkurrentane

    Ungguten Gaute Kvåle slo andremann Nils Kristian Berge (til venstre) med nesten to minutt i laurdagens Saudasjøen rundt. Lars Kvåle blei nummer tre.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:36
    kommunebarometer.jpg

    Sauda på 48. plass

    Rådmann Ann-Helen Eik-Nes (frå venstre), Jakob Svandal, Aslaug Tangeraas og Alan G. Thompson er fornøgd med at Sauda skårer høgt innan administrasjon i Kommunal Rapport sitt kommunebarometer. Men tala kan, ifølge Thompson, tolkast på fleire vis.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:31
    svandalsvegen loftmg_1993.jpg

    Opna utbetra Svandalsveg

    Ordførar Laura Seltveit og fylkesordførar Tom Tvedt opna den nye vegen opp til Svandalen fredag.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:27
    jørn hoel og kor.jpg

    Jaktar på koristar til Jørn Hoel

    Mangel på erfaring er inga hindring.

    Av Linda Merethe Lie

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 10:07
    jon hansen.jpg

    Bad om dialog – føler seg ignorert

    Jon Hansen og Åbødalen Hytteforening skulle gjerne ha bidratt med både dugnad og pengar for å utbetra vegen mellom Jeskedalen og Buer.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 10:00
    politikarar1.jpg

    Skeptiske til fire nye år

    Fleire sentrale politikarar stiller neppe til gjenval.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 09:50
    kommunalt fou.jpg

    Bind saman foreldre og skule

    Ragnhild Roth (til venstre), Solfrid Seim Nilsen, Gerd Olaug Garstad og Hege Michalsen i kommunalt foreldreutval inviterer til kurs om grensesetting.

    Av Linda Merethe Lie

     

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 10:03
    tangeraas10.jpg

    Lei av stadige overskridingar

    Høgres Ivar Tangeraas meiner fordyra kommunale prosjekt er eit hån mot både politikarar og skattebetalarar.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:59
    øyvind vaksdal1.jpg

    Kritisk til politiberedskap

    Stortingspolitikar Øyvind Vaksdal frå frp tykkjer ressurs-situasjonen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt ikkje er haldbar.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:56
    jens jensen.jpg

    Får skryt av Norad

    Fairtrade-Sauda haustar godord frå Norad. Leiar Jens Jensen gler seg over rosen.

    Av Arvid Horpestad

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:53
    havnastova.jpg

    Ingen vidare planar for Havnastova

    Dyr drift gjer at Sauda motorbåtforening kun vil bruke bygget som klubbhus.

    Av Linda Merethe Lie

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:19
    sorteringsanlegg-inni.jpg

    Ber om meir pengar

    Rådmannen ber kommunestyret om til saman 3,7 millionar kroner ekstra til mellom anna gravplassen, sorteringsanlegget (biletet) og Fløgstad skule.

    Av Arvid Horpestad

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:16
    leikeplass framside.jpg

    Innbyr ikkje til leik

    Mange av leikeplassane i Sauda står for fall.

    Av Julie Arnfred Bojesen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:12
    ttrenarkursaudarenarkurssauda.jpg

    Tilbyr trenarkurs til foreldre

    Leiar Rune Dolmen og Sauda Idrettslag vil sette kompetanseutvikling i system.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken