Nyhende |
|
Når angrep er det beste forsvarOrganisatorisk leiar av Indre Ryfylke Sosialistisk Ungdom, Carina Tangeraas, dæljar til kurshaldar og ”angripar” Ebba Boye. Av Ingvil Bakka Jenter på kurs for å læra ballespark. Den lokale ungdomsforeininga Indre Ryfylke Sosialistisk Ungdom (IRSU) hadde invitert sentralstyremedlem og sjølvforsvarskurshaldar Ebba Boye til å kursa unge saudajenter i korleis forsvara seg mot mannlege overgriparar. Kurset hadde både ein teoretisk del der jentene blant anna snakka om grensesetting og ein praktisk del der dei fekk læra enkle triks for å komma seg ut av ubehagelege situasjonar. Organisatorisk leiar av Indre Ryfylke Sosialistisk Ungdom, Carina Tangeraas, hadde godt utbytte av sjølvforsvarskurset. – Eg har deltatt på delar av kurset tidlegare, og meiner det er kjempeviktig at alle jenter deltar på slike kurs. Dette bør inn i undervisninga på skulane, seier Tangeraas. Ho utelukkar ikkje at IRSU set i gang fleire sjølvforsvarskurs i Sauda. Kurshaldar Ebba Boye reiser rundt i Norge og kursar jenter i sjølvforsvar. Ho presiserer at målet med kurset er å læra jenter å gjera noko aktivt dersom dei hamnar i ein ubehageleg situasjon, ikkje bli lamma av skrekk og bli ute av stand til å gjera noko. – Dette handlar ikkje om å gjera jenter til slåstkjemper, men å læra dei til å reagera, på ein eller annan måte. Poenget er å læra teknikkar og bruka ting ein alt kan på ein betre måte, fortel Boye. Kurshaldaren forklarte jentene at det er viktig å forstå at det aldri er deira skuld dersom dei blir utsett for overgrep. Eit tydeleg ”NEI!” er viktig, ifølge Boye. Pornofilmane sine unnvikande ”nei” frå kvinner betyr ja og gjer at mange overgriparar ikkje lar seg skremma av eit lite nei. Etter ein gjennomgang av menns sårbare punkt, får jentene øva seg på slag og spark mot ein potensiell overgripar og blant anna læra korleis ein kjem seg ut av eit kvelartak. – Poenget er at me skal skada overgriparen – og så stikka av, forklarer Boye.
|
|
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:40
Knuste konkurrentaneUngguten Gaute Kvåle slo andremann Nils Kristian Berge (til venstre) med nesten to minutt i laurdagens Saudasjøen rundt. Lars Kvåle blei nummer tre. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:36
Sauda på 48. plassRådmann Ann-Helen Eik-Nes (frå venstre), Jakob Svandal, Aslaug Tangeraas og Alan G. Thompson er fornøgd med at Sauda skårer høgt innan administrasjon i Kommunal Rapport sitt kommunebarometer. Men tala kan, ifølge Thompson, tolkast på fleire vis. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:31
Opna utbetra SvandalsvegOrdførar Laura Seltveit og fylkesordførar Tom Tvedt opna den nye vegen opp til Svandalen fredag. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:27
Jaktar på koristar til Jørn HoelMangel på erfaring er inga hindring. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:07
Bad om dialog – føler seg ignorertJon Hansen og Åbødalen Hytteforening skulle gjerne ha bidratt med både dugnad og pengar for å utbetra vegen mellom Jeskedalen og Buer. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:00
Skeptiske til fire nye årFleire sentrale politikarar stiller neppe til gjenval. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 09:50
Bind saman foreldre og skuleRagnhild Roth (til venstre), Solfrid Seim Nilsen, Gerd Olaug Garstad og Hege Michalsen i kommunalt foreldreutval inviterer til kurs om grensesetting. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 10:03
Lei av stadige overskridingarHøgres Ivar Tangeraas meiner fordyra kommunale prosjekt er eit hån mot både politikarar og skattebetalarar. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:59
Kritisk til politiberedskapStortingspolitikar Øyvind Vaksdal frå frp tykkjer ressurs-situasjonen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt ikkje er haldbar. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:56
Får skryt av NoradFairtrade-Sauda haustar godord frå Norad. Leiar Jens Jensen gler seg over rosen. Av Arvid Horpestad » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:53
Ingen vidare planar for HavnastovaDyr drift gjer at Sauda motorbåtforening kun vil bruke bygget som klubbhus. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:19
Ber om meir pengarRådmannen ber kommunestyret om til saman 3,7 millionar kroner ekstra til mellom anna gravplassen, sorteringsanlegget (biletet) og Fløgstad skule. Av Arvid Horpestad » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:16
Innbyr ikkje til leikMange av leikeplassane i Sauda står for fall. Av Julie Arnfred Bojesen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:12
Tilbyr trenarkurs til foreldreLeiar Rune Dolmen og Sauda Idrettslag vil sette kompetanseutvikling i system. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |






