Nyhende |
|
Gjorde comeback i alpinløypaKjell Ånon Tellefsen (fremst) testa skikunnskapene ti år etter at han la opp. Erlend Hovland prøvde å utkonkurrera storebroren, utan å lukkast. Av Ingvil Bakka – Eg hadde lyst til å sjå om eg framleis heng med, seier Kjell Ånon Tellefsen. 27-åringen deltok laurdag i storslalåm i Saudarennet i Svandalen. Tellefsen starta alpinkarriera si som tre-fire-åring og dreiv aktivt fram til han var sytten år. På merittlista hans står blant anna eit par krinsmeistertitlar, sørlandsmeistertittel og fleire gode resultat frå norgesmeisterskap. Rygg- og kneskader etter fleire stygge fall gjorde at motivasjonen dalte og skia blei lagt vekk mot slutten av tenåra. Eitt år med snøbrettkjøring gjorde heller ikkje skiveprolapsen i ryggen noko godt, så etterkvart blei det slutt på all aktivitet i Svandalen for Tellefsen sin del. Sidan den gong har han bare hatt seg ein liten tur i alpinbakken om lag ein gong i året. Men etter nokre turar i skitrekket for eit par veker sidan kom lysta til å konkurrera tilbake. – Eg fekk ei kjensle av at eg framleis hadde det inne. Eg har sakna den meistringsfølelsen. Det er jo gøy å stå på ski, seier han blidt. 27-åringens comeback-planar gjorde at også broren Erlend Hovland valde å stilla til start i skibakken denne helga. Det interne veddemålet gjorde brørne sugne på fart i løypa. Etter første omgang var det yngstemann Erlend som hadde den beste tida av brørne, fire sekund raskare enn Kjell Ånon. – Dette var tungt, ei krevande løype, kunne Tellefsen sliten konstatera. – Eg har ikkje musklar til å kjøra som dette lenger, meinte Hovland. I andre omgang kjørte Tellefsen langt betre, samstundes som Hovland mista eine skia. – Det gjekk veien, det. Eg stakk dermed av med sigeren over broderen, seier Tellefsen fornøgd. Eigentleg hadde Tellefsen planar om å gjera combacket i super-G, men då dette blei avlyst, blei det storslalåm-konkurranse. I løpet av dei ti åra som er gått etter at han la opp som syttenåring, har Tellefsen levd eit turbulent liv og gjort ting han ikkje er så stolt av. I dag er livet hans heilt annleis med ansvar for to barn og eit stebarn. Tidlegare var det far Kjell Vidar Hovland som tok det eldste barnebarnet med ut på ski i alpinbakkane. Nå vil Tellefsen sjølv vera med ungane sine på ski. – Eg har lagt nokre tøffe år bak meg og fått andre interesser og verdiar i livet, seier Tellefsen om sitt nye liv som småbarnsfar – og alpinist. Sjølv om deltakinga i storslalåmrennet laurdag gav meirsmak, tviler Tellefsen på at han vil gjera eit skikkeleg comeback med fullt kjør med treningar og konkurransar. – Eg har ikkje tid til slikt lenger. Eg driv og utdannar meg innan bygg- og anleggsteknikk og går på skule på Sand, seier Kjell Ånon Tellfsen.
Fullstendig resultatliste frå Saudarennet finn du i papirutgåva.
|
|
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:40
Knuste konkurrentaneUngguten Gaute Kvåle slo andremann Nils Kristian Berge (til venstre) med nesten to minutt i laurdagens Saudasjøen rundt. Lars Kvåle blei nummer tre. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:36
Sauda på 48. plassRådmann Ann-Helen Eik-Nes (frå venstre), Jakob Svandal, Aslaug Tangeraas og Alan G. Thompson er fornøgd med at Sauda skårer høgt innan administrasjon i Kommunal Rapport sitt kommunebarometer. Men tala kan, ifølge Thompson, tolkast på fleire vis. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:31
Opna utbetra SvandalsvegOrdførar Laura Seltveit og fylkesordførar Tom Tvedt opna den nye vegen opp til Svandalen fredag. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:27
Jaktar på koristar til Jørn HoelMangel på erfaring er inga hindring. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:07
Bad om dialog – føler seg ignorertJon Hansen og Åbødalen Hytteforening skulle gjerne ha bidratt med både dugnad og pengar for å utbetra vegen mellom Jeskedalen og Buer. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:00
Skeptiske til fire nye årFleire sentrale politikarar stiller neppe til gjenval. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 09:50
Bind saman foreldre og skuleRagnhild Roth (til venstre), Solfrid Seim Nilsen, Gerd Olaug Garstad og Hege Michalsen i kommunalt foreldreutval inviterer til kurs om grensesetting. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 10:03
Lei av stadige overskridingarHøgres Ivar Tangeraas meiner fordyra kommunale prosjekt er eit hån mot både politikarar og skattebetalarar. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:59
Kritisk til politiberedskapStortingspolitikar Øyvind Vaksdal frå frp tykkjer ressurs-situasjonen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt ikkje er haldbar. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:56
Får skryt av NoradFairtrade-Sauda haustar godord frå Norad. Leiar Jens Jensen gler seg over rosen. Av Arvid Horpestad » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:53
Ingen vidare planar for HavnastovaDyr drift gjer at Sauda motorbåtforening kun vil bruke bygget som klubbhus. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:19
Ber om meir pengarRådmannen ber kommunestyret om til saman 3,7 millionar kroner ekstra til mellom anna gravplassen, sorteringsanlegget (biletet) og Fløgstad skule. Av Arvid Horpestad » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:16
Innbyr ikkje til leikMange av leikeplassane i Sauda står for fall. Av Julie Arnfred Bojesen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:12
Tilbyr trenarkurs til foreldreLeiar Rune Dolmen og Sauda Idrettslag vil sette kompetanseutvikling i system. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |






