Meningsmåling

Kunne du tenke deg å stille på vallista til eit parti kommande val?



  • 136%
     
  • 263%
     
  • Antall stemmer: 41

Nettkamera kai

Nettkamera Sauda kai

Nettkamera torg

Sauda

Været

Anna

images.jpg

 

 

Twitter

 

 

ryfylke_rgb.jpg

 

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 09.03.2010

    Wapz imponerte i NM

    Tok to bronsemedaljar og ein sjetteplass.

    Av Linda Merethe Lie

    I helga var det NM i cheerleading i Tønsberg. 38 utøvarar, i tillegg til foreldre, reiste frå Sauda med koffertane fulle av spenning. Mange av cheerleadarane i Wapz var nemleg NM-debutantar.

    – Vi hadde med 14 tolvåringar som var heilt ferske. Vi hadde derfor ikkje forventa at det skulle gå så bra som det gjorde, vedgår leiar i foreldregruppa, Astrid Dolmen.

    Wapz stilte med tre lag, cheer junior, cheer senior, betre kjent som Wapz elite, og partnerstunt. Dei to sistnevnte fekk bronse, medan dei yngste blei nummer seks. Laga konkurrerte både laurdag og søndag. Astrid Dolmen fortel om spennande minutt då dei endelege poenga blei lest opp finaledagen.

    – Partnerstunt, som består av Mats Flydal Nørgaard og Ida Birkeland, har berre trent saman sidan januar. På laurdagen var dei først ute og var nok litt uheldige. Dei blei då liggande på ein sjetteplass. På søndagen gjorde dei ein kjempekonkurranse. Då resultata blei lest opp begynte dei frå botn. Då vårt lag ikkje hadde blitt lest opp før dei tre siste plassane blei offentleggjort var vi nesten i sjokk. Då var det kubjeller og sauebjeller og ein enorm jubel, ler Dolmen med ein stemme som er tydeleg prega av høge heiarop i helga.

    Mats Flydal Nørgaard er veldig godt nøgd med NM-medaljen.

    – Vi har berre trent eit par månader, men har gjort det beste ut av det. Vi hadde ikkje forventa å ta medalje i det heile tatt. Vi blei veldig glade då vi fekk beskjed om at vi hadde vunne bronse, då vi låg sist etter første konkurransedag, fortel han.

    At cheerleadermiljøet i litle Sauda får fram lag som klarer å prestere på høgde med konkurrentar frå større byar meiner Astrid Dolmen er utøvarane sin forteneste.

    – Det er nokre fantastiske jenter og gutar. Og dei har lært seg det dei kan sjølve. Dei bruker veldig mykje tid på treninga og har eit veldig pågangsmot. Eg trur dei har det kjempegøy, meiner Astrid Dolmen.

     


    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:40
    saudasjøen rundt.jpg

    Knuste konkurrentane

    Ungguten Gaute Kvåle slo andremann Nils Kristian Berge (til venstre) med nesten to minutt i laurdagens Saudasjøen rundt. Lars Kvåle blei nummer tre.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:36
    kommunebarometer.jpg

    Sauda på 48. plass

    Rådmann Ann-Helen Eik-Nes (frå venstre), Jakob Svandal, Aslaug Tangeraas og Alan G. Thompson er fornøgd med at Sauda skårer høgt innan administrasjon i Kommunal Rapport sitt kommunebarometer. Men tala kan, ifølge Thompson, tolkast på fleire vis.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:31
    svandalsvegen loftmg_1993.jpg

    Opna utbetra Svandalsveg

    Ordførar Laura Seltveit og fylkesordførar Tom Tvedt opna den nye vegen opp til Svandalen fredag.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:27
    jørn hoel og kor.jpg

    Jaktar på koristar til Jørn Hoel

    Mangel på erfaring er inga hindring.

    Av Linda Merethe Lie

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 10:07
    jon hansen.jpg

    Bad om dialog – føler seg ignorert

    Jon Hansen og Åbødalen Hytteforening skulle gjerne ha bidratt med både dugnad og pengar for å utbetra vegen mellom Jeskedalen og Buer.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 10:00
    politikarar1.jpg

    Skeptiske til fire nye år

    Fleire sentrale politikarar stiller neppe til gjenval.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 09:50
    kommunalt fou.jpg

    Bind saman foreldre og skule

    Ragnhild Roth (til venstre), Solfrid Seim Nilsen, Gerd Olaug Garstad og Hege Michalsen i kommunalt foreldreutval inviterer til kurs om grensesetting.

    Av Linda Merethe Lie

     

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 10:03
    tangeraas10.jpg

    Lei av stadige overskridingar

    Høgres Ivar Tangeraas meiner fordyra kommunale prosjekt er eit hån mot både politikarar og skattebetalarar.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:59
    øyvind vaksdal1.jpg

    Kritisk til politiberedskap

    Stortingspolitikar Øyvind Vaksdal frå frp tykkjer ressurs-situasjonen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt ikkje er haldbar.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:56
    jens jensen.jpg

    Får skryt av Norad

    Fairtrade-Sauda haustar godord frå Norad. Leiar Jens Jensen gler seg over rosen.

    Av Arvid Horpestad

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:53
    havnastova.jpg

    Ingen vidare planar for Havnastova

    Dyr drift gjer at Sauda motorbåtforening kun vil bruke bygget som klubbhus.

    Av Linda Merethe Lie

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:19
    sorteringsanlegg-inni.jpg

    Ber om meir pengar

    Rådmannen ber kommunestyret om til saman 3,7 millionar kroner ekstra til mellom anna gravplassen, sorteringsanlegget (biletet) og Fløgstad skule.

    Av Arvid Horpestad

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:16
    leikeplass framside.jpg

    Innbyr ikkje til leik

    Mange av leikeplassane i Sauda står for fall.

    Av Julie Arnfred Bojesen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:12
    ttrenarkursaudarenarkurssauda.jpg

    Tilbyr trenarkurs til foreldre

    Leiar Rune Dolmen og Sauda Idrettslag vil sette kompetanseutvikling i system.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken