Meningsmåling

Kunne du tenke deg å stille på vallista til eit parti kommande val?



  • 129%
     
  • 270%
     
  • Antall stemmer: 24

Nettkamera kai

Nettkamera Sauda kai

Nettkamera torg

Sauda

Været

Anna

images.jpg

 

 

Twitter

 

 

ryfylke_rgb.jpg

 

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 09.07.2010

    Lov å drikka vatnet på Breiborg igjen

    Torsdag ettermiddag lak ein tankbil farleg syre ved hytteområde i Breiborg. Kommunen la ned midlertidig forbod mot å drikke vatn, men det er nå oppheva.

    Av Janne Amdal

    – Etter ulykka kontakta me Mattilsynet og dei oppfordra oss til å ta prøvar av vatnet. Me tok prøvar fredag, og tok nye prøvar i dag, måndag. PH-verdien låg mellom 9,2 og 9,4 noko som er bra. Dermed blir forbodet oppheva måndag ettermiddag, opplyser Ørjan Djuv ved teknisk eining i kommunen.

    Det var torsdag ettermiddag tankbilen frå Technor sin fabrikk i Saudasjøen begynte å leka hydrogenfluorid og salpetersyre.

    Tankbilen var på veg til Austlandet med spesialavfallet då feil i den eine ventilen førte til at syrene byrja å leka ut på Riksveg 520 ved Breiborg. Ein annan bilførar gjorde tankbilsjåføren oppmerksam på at det lak syra frå ventilen, men då hadde han alt mista 300 liter av dei totalt 9000 literane syre bilen hadde med seg. Den giftige syra blei liggande over ei strekning på eit par kilometer.

    Brannvesenet fekk melding om ulykka klokka 15.30 og kom til staden omlag 45 minutt etterpå. I lag med Viking redningstjeneste sperra dei vegen i begge kjøreretningar og dirigerte trafikken ned igjen. Politiet kom til Breiborg klokka 18.05. På grunn av faren for giftige gassar fekk ingen utan verneutstyr komme nærmare enn omlag 200 meter frå ulykka.

    Då Ryfylke kom til staden omlag 75 minutt etter hendinga, hadde brannmannskapet sjekka hyttene i området for folk. Ingen var til stades, så evakuering var ikkje nødvendig.

    Etter ulykka blei ei strekning på tre kilometer av vegbanen spylt og kalka for å nøytralisera syra, og vegen opna igjen klokka 07.00 fredag.

    Likevel gjekk kommunen fredag ut med drikkevassforbodet.

    – Området blei kalka og nøytralisert, og vatnet var nok ikkje særskilt farleg. Likevel ville me i kommunen ikkje ta nokre sjansar, for det er betre å vera føre var. Difor blei skilt med drikkeforbod sett opp på Breiborg, og avisene blei kontakta for at alle hytteeigarane i breiborgsområdet skulle bli klar over forbodet. Men nå går det altså an å drikka vatnet igjen, konkluderer Ørjan Djuv.


    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:40
    saudasjøen rundt.jpg

    Knuste konkurrentane

    Ungguten Gaute Kvåle slo andremann Nils Kristian Berge (til venstre) med nesten to minutt i laurdagens Saudasjøen rundt. Lars Kvåle blei nummer tre.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:36
    kommunebarometer.jpg

    Sauda på 48. plass

    Rådmann Ann-Helen Eik-Nes (frå venstre), Jakob Svandal, Aslaug Tangeraas og Alan G. Thompson er fornøgd med at Sauda skårer høgt innan administrasjon i Kommunal Rapport sitt kommunebarometer. Men tala kan, ifølge Thompson, tolkast på fleire vis.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:31
    svandalsvegen loftmg_1993.jpg

    Opna utbetra Svandalsveg

    Ordførar Laura Seltveit og fylkesordførar Tom Tvedt opna den nye vegen opp til Svandalen fredag.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:27
    jørn hoel og kor.jpg

    Jaktar på koristar til Jørn Hoel

    Mangel på erfaring er inga hindring.

    Av Linda Merethe Lie

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 10:07
    jon hansen.jpg

    Bad om dialog – føler seg ignorert

    Jon Hansen og Åbødalen Hytteforening skulle gjerne ha bidratt med både dugnad og pengar for å utbetra vegen mellom Jeskedalen og Buer.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 10:00
    politikarar1.jpg

    Skeptiske til fire nye år

    Fleire sentrale politikarar stiller neppe til gjenval.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 09:50
    kommunalt fou.jpg

    Bind saman foreldre og skule

    Ragnhild Roth (til venstre), Solfrid Seim Nilsen, Gerd Olaug Garstad og Hege Michalsen i kommunalt foreldreutval inviterer til kurs om grensesetting.

    Av Linda Merethe Lie

     

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 10:03
    tangeraas10.jpg

    Lei av stadige overskridingar

    Høgres Ivar Tangeraas meiner fordyra kommunale prosjekt er eit hån mot både politikarar og skattebetalarar.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:59
    øyvind vaksdal1.jpg

    Kritisk til politiberedskap

    Stortingspolitikar Øyvind Vaksdal frå frp tykkjer ressurs-situasjonen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt ikkje er haldbar.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:56
    jens jensen.jpg

    Får skryt av Norad

    Fairtrade-Sauda haustar godord frå Norad. Leiar Jens Jensen gler seg over rosen.

    Av Arvid Horpestad

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:53
    havnastova.jpg

    Ingen vidare planar for Havnastova

    Dyr drift gjer at Sauda motorbåtforening kun vil bruke bygget som klubbhus.

    Av Linda Merethe Lie

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:19
    sorteringsanlegg-inni.jpg

    Ber om meir pengar

    Rådmannen ber kommunestyret om til saman 3,7 millionar kroner ekstra til mellom anna gravplassen, sorteringsanlegget (biletet) og Fløgstad skule.

    Av Arvid Horpestad

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:16
    leikeplass framside.jpg

    Innbyr ikkje til leik

    Mange av leikeplassane i Sauda står for fall.

    Av Julie Arnfred Bojesen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:12
    ttrenarkursaudarenarkurssauda.jpg

    Tilbyr trenarkurs til foreldre

    Leiar Rune Dolmen og Sauda Idrettslag vil sette kompetanseutvikling i system.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken