Nyhende |
|
Ekslusiv litterær gjestelisteSogelagets Anne-Brit Solland, Marit Rusten Birkeland og Sigmud Andresen førebur ny litteraturhelg. Av Arvid Horpestad – Det vert litteraturhelg i år óg, etter litt om og men, seier Sigmund Andersen i Sauda sogelag. Andersen og sogelagskollegaene Anne-Brit Solland og Marit Rusten Birkeland røper at det var nokre økonomiske utfordringar å løysa. Men no er laget igjen klar til å arrangera litteraturhelga ”Sauda i verden – verden i Sauda”. Det vil skje siste helga i september. Sikkert er det at Jan Erik Vold og Einar Økland kjem. Begge fyller 70 år, og ingen av dei treng nokon nærmare presentasjon. Dei unge, nynorskskrivande kvinnene er representert ved Maria Parr og Kjersti Rorgemoen. Parr debuterte i 2005 med Vaffelhjarte – ei bok som skal verta sju episodar på NRK Barne-tv komande år. Vaffelhjarte vart óg nominert til Brageprisen, ein pris Maria Parr vann i 2009 med boka Tonje Glimmerdal. Parr har óg vunne Teskjekjerringprisen og Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok. Kjersti Rorgemoen, fødd i Vinje men busett i Bergen, debuterte i 2009 på Kolon forlag med Purkene snudde.
Gløymast skal ikkje at Guri Vesaas skal delta. Ho kan kanskje ikkje reknast som ung av alder lenger, men er mellom anna tidlegare forlagsdirektør og ansvarleg for Samlagets barnebokavdeling frå 1974 til 2006. Totningen Håkon Paulsberg, visesangar og gitarist, står for det musikalske innslaget under krokvelden på Kløver som etterfølger festaftenen fredagen – også dette eit nytt innslag. På festaftenen er artisten ein kjenning frå fjorårets litteraturhelg, nemleg Aasmund Nordstoga. Han kjem saman med to musikarar. – Eit anna arrangement er den litterære vandringa i Fløgstadåsen med Kjartan Fløgstad sundag føremiddag, seier Sigmund Andersen. Også i år stiller Kjartan Fløgstad og Ola E. Bø opp. Bø leiar festaftenen fredagen og Fløgstad den litterære føremiddagen laurdagen. Medan kantina på smelteverket tidlegare år har gitt plass til litteraturarrangementet, vert staden ein annan den siste helga i september. – Hovudarrangementstaden i år er Stasjon III, med unntak av krokvelden på Kløver og barnelitteratur-innslaget med Maria Parr på Folkets Hus laurdag. Det vert spanande å vera i Stasjon III, og det er bidraget til Sauda sogelag for å visa at dette er eit bygg som kan brukast, seier Marit Rusten Birkeland begeistra.
|
|
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:40
Knuste konkurrentaneUngguten Gaute Kvåle slo andremann Nils Kristian Berge (til venstre) med nesten to minutt i laurdagens Saudasjøen rundt. Lars Kvåle blei nummer tre. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:36
Sauda på 48. plassRådmann Ann-Helen Eik-Nes (frå venstre), Jakob Svandal, Aslaug Tangeraas og Alan G. Thompson er fornøgd med at Sauda skårer høgt innan administrasjon i Kommunal Rapport sitt kommunebarometer. Men tala kan, ifølge Thompson, tolkast på fleire vis. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:31
Opna utbetra SvandalsvegOrdførar Laura Seltveit og fylkesordførar Tom Tvedt opna den nye vegen opp til Svandalen fredag. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:27
Jaktar på koristar til Jørn HoelMangel på erfaring er inga hindring. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:07
Bad om dialog – føler seg ignorertJon Hansen og Åbødalen Hytteforening skulle gjerne ha bidratt med både dugnad og pengar for å utbetra vegen mellom Jeskedalen og Buer. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:00
Skeptiske til fire nye årFleire sentrale politikarar stiller neppe til gjenval. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 09:50
Bind saman foreldre og skuleRagnhild Roth (til venstre), Solfrid Seim Nilsen, Gerd Olaug Garstad og Hege Michalsen i kommunalt foreldreutval inviterer til kurs om grensesetting. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 10:03
Lei av stadige overskridingarHøgres Ivar Tangeraas meiner fordyra kommunale prosjekt er eit hån mot både politikarar og skattebetalarar. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:59
Kritisk til politiberedskapStortingspolitikar Øyvind Vaksdal frå frp tykkjer ressurs-situasjonen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt ikkje er haldbar. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:56
Får skryt av NoradFairtrade-Sauda haustar godord frå Norad. Leiar Jens Jensen gler seg over rosen. Av Arvid Horpestad » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:53
Ingen vidare planar for HavnastovaDyr drift gjer at Sauda motorbåtforening kun vil bruke bygget som klubbhus. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:19
Ber om meir pengarRådmannen ber kommunestyret om til saman 3,7 millionar kroner ekstra til mellom anna gravplassen, sorteringsanlegget (biletet) og Fløgstad skule. Av Arvid Horpestad » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:16
Innbyr ikkje til leikMange av leikeplassane i Sauda står for fall. Av Julie Arnfred Bojesen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:12
Tilbyr trenarkurs til foreldreLeiar Rune Dolmen og Sauda Idrettslag vil sette kompetanseutvikling i system. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |






