Meningsmåling

Kunne du tenke deg å stille på vallista til eit parti kommande val?



  • 129%
     
  • 270%
     
  • Antall stemmer: 24

Nettkamera kai

Nettkamera Sauda kai

Nettkamera torg

Sauda

Været

Anna

images.jpg

 

 

Twitter

 

 

ryfylke_rgb.jpg

 

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 13.07.2010

    Natteramnane i Sauda ser mindre til politiet

    Jane Nordhagen Ilstad har på vegne av natteramnane sendt bekymringsbrev til politimeister Kaare Songstad.

    Av Janne Amdal

    – Dei tre siste åra har natteramnane i Sauda sett mindre til politiet enn før. Men etter den nye vaktordninga, viser loggane våre at me har sett endå mindre til politiet. Kanskje er den nye ordninga bra for andre stader men ikkje ein stad som Sauda, trur dagleg leiar ved Sauda Frivilligsentral, Jane Nordhagen Ilstad, som nå har skrive eit bekymringsbrev til politimeisteren i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Kaare Songstad.

    – De kan skje hendingar som me ikkje kan ta oss av, og med den nye ordninga kan det ta tid før politiet kjem. Me ser politiet mindre og mindre, og me vil ikkje at det skal vera tendensen i framtida. Det høgaste ønske vårt er at politiet er til stades, seier den daglege leiaren.

    For fleire år sidan hadde natteramnane i Sauda møte med politiet kvar laurdag for å høyre om tilstanden på byen og ”omlandet” og dei hadde høve til å stille politiet spørsmål om dei lurte på noko.

    – Tett samarbeid med politiet er viktig og gir tryggleik for oss som er natteramnar. Me blir beroliga når me ser politiet i gatene og samtalane med politiet kvar laurdag er noko me saknar. Me vil gjerne fått til desse faste møta igjen, men ut i frå dagens politiorganisering går ikkje dette, og dette skreiv eg i brevet til Songstad, seier Nordhagen Ilstad.

    – Me er ikkje fornøgd med utviklinga, og me set spørsmålstegn ved at dette samarbeidet eignar seg for ein stad som Sauda. Kanskje fungerer dette i meir tettbygde område, men ikkje her. For oss er det óg eit mysterium at kortare utrykkingstid er den nye verkelegheita av det nye vaktsamarbeidet når det gjeld Sauda. Sjølvsagt er det mogleg me tar feil, men då vil me gjerne ha statistikkar som viser dette, seier Nordhagen Ilstad, som i tillegg saknar utspel frå lokale betjentar om den nye ordninga og om dei opplever at den nye vaktordninga er betre for Sauda.

    – Me tar misnøya til natteramnane på alvor, for dei gjer ein viktig og god jobb. Me vil gjerne komma dei i møte, men ein skal ikkje trekka koplingar til tenesteordninga, seier politimeister i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Kaare Songstad.

    Sjølv om det er ønskeleg å ha god kontakt med natteramnane, meiner han at ressursane til politiet skal brukast på akuttilfelle, og difor blir det vanskeleg å møta natteramnane fast kvar laurdag.

    Han peikar på at det er viktig å ha god tenesteordning og at den nye vaktordninga gjer politiet meir aktivt enn før, då dei er i nærleiken av det som skjer.


    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:40
    saudasjøen rundt.jpg

    Knuste konkurrentane

    Ungguten Gaute Kvåle slo andremann Nils Kristian Berge (til venstre) med nesten to minutt i laurdagens Saudasjøen rundt. Lars Kvåle blei nummer tre.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:36
    kommunebarometer.jpg

    Sauda på 48. plass

    Rådmann Ann-Helen Eik-Nes (frå venstre), Jakob Svandal, Aslaug Tangeraas og Alan G. Thompson er fornøgd med at Sauda skårer høgt innan administrasjon i Kommunal Rapport sitt kommunebarometer. Men tala kan, ifølge Thompson, tolkast på fleire vis.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:31
    svandalsvegen loftmg_1993.jpg

    Opna utbetra Svandalsveg

    Ordførar Laura Seltveit og fylkesordførar Tom Tvedt opna den nye vegen opp til Svandalen fredag.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:27
    jørn hoel og kor.jpg

    Jaktar på koristar til Jørn Hoel

    Mangel på erfaring er inga hindring.

    Av Linda Merethe Lie

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 10:07
    jon hansen.jpg

    Bad om dialog – føler seg ignorert

    Jon Hansen og Åbødalen Hytteforening skulle gjerne ha bidratt med både dugnad og pengar for å utbetra vegen mellom Jeskedalen og Buer.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 10:00
    politikarar1.jpg

    Skeptiske til fire nye år

    Fleire sentrale politikarar stiller neppe til gjenval.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 09:50
    kommunalt fou.jpg

    Bind saman foreldre og skule

    Ragnhild Roth (til venstre), Solfrid Seim Nilsen, Gerd Olaug Garstad og Hege Michalsen i kommunalt foreldreutval inviterer til kurs om grensesetting.

    Av Linda Merethe Lie

     

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 10:03
    tangeraas10.jpg

    Lei av stadige overskridingar

    Høgres Ivar Tangeraas meiner fordyra kommunale prosjekt er eit hån mot både politikarar og skattebetalarar.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:59
    øyvind vaksdal1.jpg

    Kritisk til politiberedskap

    Stortingspolitikar Øyvind Vaksdal frå frp tykkjer ressurs-situasjonen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt ikkje er haldbar.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:56
    jens jensen.jpg

    Får skryt av Norad

    Fairtrade-Sauda haustar godord frå Norad. Leiar Jens Jensen gler seg over rosen.

    Av Arvid Horpestad

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:53
    havnastova.jpg

    Ingen vidare planar for Havnastova

    Dyr drift gjer at Sauda motorbåtforening kun vil bruke bygget som klubbhus.

    Av Linda Merethe Lie

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:19
    sorteringsanlegg-inni.jpg

    Ber om meir pengar

    Rådmannen ber kommunestyret om til saman 3,7 millionar kroner ekstra til mellom anna gravplassen, sorteringsanlegget (biletet) og Fløgstad skule.

    Av Arvid Horpestad

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:16
    leikeplass framside.jpg

    Innbyr ikkje til leik

    Mange av leikeplassane i Sauda står for fall.

    Av Julie Arnfred Bojesen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:12
    ttrenarkursaudarenarkurssauda.jpg

    Tilbyr trenarkurs til foreldre

    Leiar Rune Dolmen og Sauda Idrettslag vil sette kompetanseutvikling i system.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken