Nyhende |
|
Vil opna gjengrodde stiarSmelteverket betaler for oppsjaining av Sneath’s park i Åbøbyen. Atle Austli og ordførar Laura Seltveit er glade for initiativet til Eramet og fabrikksjef Kåre Bjarte Bjelland. Av Ingvil Bakka – Me får tella kroner undervegs. Det viktigaste er ikkje kva det vil kosta, men å få det gjort, seier fabrikksjef ved Eramet Sauda, Kåre Bjarte Bjelland. Medan smelteverket i si tid hadde ei gartnaravdeling på hundre mann som stelte parkar og klipte tre og hekkar i Åbøbyen, var det ikkje like lett for den kommunale gartnaravdelinga å oppretthalda same standard då kommunen overtok vedlikehaldsansvaret i 1985. Dårleg kommuneøkonomi og manglande ressursar gjorde at vedlikehaldet av det gamle, erverdige parkanlegget Sneath’s park, midt i hjarta av Åbøbyen, i fleire år derfor blei nedprioritert. I dag har dei tre tilsette i gartnaravdelinga meir enn nok med å halda plenane nede og klippa hekkane i parken. Stiane inne i parkanlegget er heilt gjengrodd og ingen blomar er å sjå. Likevel er parken i dag langt betre vedlikehalde enn for bare eit par år sidan. Men ordførar Laura Seltveit vedgår at den historiske prydparken burde sett betre ut. – Det har ikkje vore pengar eller ressursar til å gjera noko meir. Gartnaravdelinga har om lag hundre mål med plenar å ta vare på kvar veke, seier ho. Eramet, med informasjonsdirektør Bernt Jarle Dolmen og fabrikksjef Kåre Bjarte Bjelland i spissen, har nå bestemt seg for å ta tak i saka og seier seg villig til å betala for ei oppsjaining av parkanlegget. – Me vil opparbeida dei nå gjengrodde gamle stiane i parken, planta ut blomar og få på plass fleire benker, seier Bjelland, og minnar om at ei skikkeleg planlegging av utbetringsarbeidet er viktig. For Eramet er det viktig å ikkje trakka kommunen på tæra, og ikkje setta standarden i parken så høg at det framtidige vedlikehaldet blir uoverkommeleg for kommunen. Ordførar Laura Seltveit er både rørt og glad for initiativet Eramet har tatt når det gjeld Sneath’s park. – Sjølv om parken i dag ikkje er så ille som den var for nokre år sidan, er dette eit flott initiativ. Me er glade for at smelteverket tar desse kostnadene og så får me gjera det me kan for å følga opp, seier Seltveit. Irwin Birkeland er ein av mange saudabuar som lenge har etterlyst betre vedlikehald av både Sneath’s park og tennisbanane i Åbøbyen. – Eg er kjempefornøgd. Veldig hyggeleg at private firma tar ansvar. Eg forstår at ei utbetring vil kreva auka ressursar når det gjeld vedlikehald, men det må me få ei ordning på. Kva om me får i gang ein lokal gjeng, kall det gjerne ”Parkens venner”, som med ujamne mellomrom kan stå på litt ekstra for å halda parken i stand? seier Birkeland blidt. |
|
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:40
Knuste konkurrentaneUngguten Gaute Kvåle slo andremann Nils Kristian Berge (til venstre) med nesten to minutt i laurdagens Saudasjøen rundt. Lars Kvåle blei nummer tre. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:36
Sauda på 48. plassRådmann Ann-Helen Eik-Nes (frå venstre), Jakob Svandal, Aslaug Tangeraas og Alan G. Thompson er fornøgd med at Sauda skårer høgt innan administrasjon i Kommunal Rapport sitt kommunebarometer. Men tala kan, ifølge Thompson, tolkast på fleire vis. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:31
Opna utbetra SvandalsvegOrdførar Laura Seltveit og fylkesordførar Tom Tvedt opna den nye vegen opp til Svandalen fredag. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:27
Jaktar på koristar til Jørn HoelMangel på erfaring er inga hindring. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:07
Bad om dialog – føler seg ignorertJon Hansen og Åbødalen Hytteforening skulle gjerne ha bidratt med både dugnad og pengar for å utbetra vegen mellom Jeskedalen og Buer. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:00
Skeptiske til fire nye årFleire sentrale politikarar stiller neppe til gjenval. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 09:50
Bind saman foreldre og skuleRagnhild Roth (til venstre), Solfrid Seim Nilsen, Gerd Olaug Garstad og Hege Michalsen i kommunalt foreldreutval inviterer til kurs om grensesetting. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 10:03
Lei av stadige overskridingarHøgres Ivar Tangeraas meiner fordyra kommunale prosjekt er eit hån mot både politikarar og skattebetalarar. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:59
Kritisk til politiberedskapStortingspolitikar Øyvind Vaksdal frå frp tykkjer ressurs-situasjonen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt ikkje er haldbar. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:56
Får skryt av NoradFairtrade-Sauda haustar godord frå Norad. Leiar Jens Jensen gler seg over rosen. Av Arvid Horpestad » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:53
Ingen vidare planar for HavnastovaDyr drift gjer at Sauda motorbåtforening kun vil bruke bygget som klubbhus. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:19
Ber om meir pengarRådmannen ber kommunestyret om til saman 3,7 millionar kroner ekstra til mellom anna gravplassen, sorteringsanlegget (biletet) og Fløgstad skule. Av Arvid Horpestad » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:16
Innbyr ikkje til leikMange av leikeplassane i Sauda står for fall. Av Julie Arnfred Bojesen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:12
Tilbyr trenarkurs til foreldreLeiar Rune Dolmen og Sauda Idrettslag vil sette kompetanseutvikling i system. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |






