Nyhende |
|
Sauda treng arbeidskraftNær 70 stillingar vert, ifølge Sauda Vekst-konsulent Andreas Fløgstad, ledige berre i nokre av dei større bedriftene i Sauda fram mot 2015. Av Arvid Horpestad I samband med Sommarbeite 2010 har Sauda Vekst spurt nokre større lokale verksemder kor mange personar dei reknar med å ha behov for å tilsetta fram mot 2015. Andreas Fløgstad, konsulent for Sauda Vekst, kallar resultatet ei aha-oppleving. Fem av dei spurde verksemdene har gjort overslag som viser at dei vil måtta rekruttera folk til oppimot 67 stillingar i åra 2011-2015. Då er ikkje Sauda kommune teke med. – Mange av bedriftene seier at dei kan ganga behovet med to fram mot 2020, legg Fløgstad til. Andreas Fløgstad presiserer at Sauda Vekst vil føra kartlegginga vidare ved å kontakta endå fleire verksemder. – Me starta med nokre av dei store. Nå håpar me også fleire bedrifter ser nytta og vil vera med, seier han. – På internettsidene til Nav ligg det per i dag tre ledige stillingar i Sauda. Me trur det reelle behovet er langt større enn det som vert reflektert gjennom stillingsannonsar, derfor ville me gjera denne undersøkinga.
|
|
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:40
Knuste konkurrentaneUngguten Gaute Kvåle slo andremann Nils Kristian Berge (til venstre) med nesten to minutt i laurdagens Saudasjøen rundt. Lars Kvåle blei nummer tre. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:36
Sauda på 48. plassRådmann Ann-Helen Eik-Nes (frå venstre), Jakob Svandal, Aslaug Tangeraas og Alan G. Thompson er fornøgd med at Sauda skårer høgt innan administrasjon i Kommunal Rapport sitt kommunebarometer. Men tala kan, ifølge Thompson, tolkast på fleire vis. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:31
Opna utbetra SvandalsvegOrdførar Laura Seltveit og fylkesordførar Tom Tvedt opna den nye vegen opp til Svandalen fredag. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:27
Jaktar på koristar til Jørn HoelMangel på erfaring er inga hindring. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:07
Bad om dialog – føler seg ignorertJon Hansen og Åbødalen Hytteforening skulle gjerne ha bidratt med både dugnad og pengar for å utbetra vegen mellom Jeskedalen og Buer. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:00
Skeptiske til fire nye årFleire sentrale politikarar stiller neppe til gjenval. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 09:50
Bind saman foreldre og skuleRagnhild Roth (til venstre), Solfrid Seim Nilsen, Gerd Olaug Garstad og Hege Michalsen i kommunalt foreldreutval inviterer til kurs om grensesetting. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 10:03
Lei av stadige overskridingarHøgres Ivar Tangeraas meiner fordyra kommunale prosjekt er eit hån mot både politikarar og skattebetalarar. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:59
Kritisk til politiberedskapStortingspolitikar Øyvind Vaksdal frå frp tykkjer ressurs-situasjonen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt ikkje er haldbar. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:56
Får skryt av NoradFairtrade-Sauda haustar godord frå Norad. Leiar Jens Jensen gler seg over rosen. Av Arvid Horpestad » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:53
Ingen vidare planar for HavnastovaDyr drift gjer at Sauda motorbåtforening kun vil bruke bygget som klubbhus. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:19
Ber om meir pengarRådmannen ber kommunestyret om til saman 3,7 millionar kroner ekstra til mellom anna gravplassen, sorteringsanlegget (biletet) og Fløgstad skule. Av Arvid Horpestad » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:16
Innbyr ikkje til leikMange av leikeplassane i Sauda står for fall. Av Julie Arnfred Bojesen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:12
Tilbyr trenarkurs til foreldreLeiar Rune Dolmen og Sauda Idrettslag vil sette kompetanseutvikling i system. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |






