Nyhende |
|
Tingretten frifann ErametHaugaland tingrett har frifunne Eramet for erstatningsansvar etter arbeidsulukka som kravde eit menneskeliv. Av Arvid Horpestad
Etter arbeidsulukka ved Eramet i mai 2008 der Morten Klementsen omkom, gjekk enka til rettssak med krav om oppreisingserstatning. Ho meinte konsernet måtte ta på seg ein del av ansvaret for ulukka som skjedde under arbeidet med å fjerna ein silo. Saka gjekk i Haugaland tingrett torsdag. Ifølge rettsprotokollen meinte saksøkar ved sin advokat at retten måtte vurdera om Eramet etter dei ulovfesta reglane om organansvar skal betala oppreisingsansvar til saksøkar. I rettsprotokollen står det vidare at saksøkar meiner ulukker må forståast ut frå systemet dei skjer i, medan saksøkte synest å meina at dei må forståast ut frå dei val kvar einskild tek. Saksøkar hevda at Eramet hadde neglisjert arbeidsmiljølova ved ikkje å sikra eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø for alle, og peika på at arbeidsgivar hadde ansvaret for å fjerna siloen. Eramet ved sin advokat hevda at konsernet ikkje hadde brote arbeidsmiljølova, og at HSM-systemet og –arbeidet var bra. Saksøkte viste til at Morten Klementsen var dyktig i jobben, alltid oppteken av tryggleik og ikkje redd for å seia frå. Eramet hadde ingen grunn til å tru at han ikkje ville følga instruksane. Ifølge rettsprotokollen finn retten at ulukka ikkje kunne vore unngått sjølv om ein hadde følgt prosedyrane i høve arbeidstillating og sikker jobb-analyse (SJA). Retten finn vidare at det ikkje på noko tidspunkt var snakk om at menneske skulle inn i siloen, og er einig med saksøkte i at det ikkje ville vore fokusert på dette ved utarbeiding av slike dokument. Retten skriv óg at alt tyder på at dette er ei bedrift som tek HMS-arbeidet på alvor og har gode rutinar. Retten har dømt saksøkar til å dekka sakskostnadane på 247 523 kroner. |
|
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:40
Knuste konkurrentaneUngguten Gaute Kvåle slo andremann Nils Kristian Berge (til venstre) med nesten to minutt i laurdagens Saudasjøen rundt. Lars Kvåle blei nummer tre. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:36
Sauda på 48. plassRådmann Ann-Helen Eik-Nes (frå venstre), Jakob Svandal, Aslaug Tangeraas og Alan G. Thompson er fornøgd med at Sauda skårer høgt innan administrasjon i Kommunal Rapport sitt kommunebarometer. Men tala kan, ifølge Thompson, tolkast på fleire vis. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:31
Opna utbetra SvandalsvegOrdførar Laura Seltveit og fylkesordførar Tom Tvedt opna den nye vegen opp til Svandalen fredag. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:27
Jaktar på koristar til Jørn HoelMangel på erfaring er inga hindring. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:07
Bad om dialog – føler seg ignorertJon Hansen og Åbødalen Hytteforening skulle gjerne ha bidratt med både dugnad og pengar for å utbetra vegen mellom Jeskedalen og Buer. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:00
Skeptiske til fire nye årFleire sentrale politikarar stiller neppe til gjenval. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 09:50
Bind saman foreldre og skuleRagnhild Roth (til venstre), Solfrid Seim Nilsen, Gerd Olaug Garstad og Hege Michalsen i kommunalt foreldreutval inviterer til kurs om grensesetting. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 10:03
Lei av stadige overskridingarHøgres Ivar Tangeraas meiner fordyra kommunale prosjekt er eit hån mot både politikarar og skattebetalarar. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:59
Kritisk til politiberedskapStortingspolitikar Øyvind Vaksdal frå frp tykkjer ressurs-situasjonen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt ikkje er haldbar. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:56
Får skryt av NoradFairtrade-Sauda haustar godord frå Norad. Leiar Jens Jensen gler seg over rosen. Av Arvid Horpestad » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:53
Ingen vidare planar for HavnastovaDyr drift gjer at Sauda motorbåtforening kun vil bruke bygget som klubbhus. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:19
Ber om meir pengarRådmannen ber kommunestyret om til saman 3,7 millionar kroner ekstra til mellom anna gravplassen, sorteringsanlegget (biletet) og Fløgstad skule. Av Arvid Horpestad » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:16
Innbyr ikkje til leikMange av leikeplassane i Sauda står for fall. Av Julie Arnfred Bojesen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:12
Tilbyr trenarkurs til foreldreLeiar Rune Dolmen og Sauda Idrettslag vil sette kompetanseutvikling i system. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |






