Nyhende |
|
Siktar mot toppenRobin Handeland legg jobben førebels på hylla og har fullt fokus på skiskyting. Av Linda Merethe Lie Alt mot slutten av førre sesong begynte Robin Handeland å tenke at han ville frigjere meir tid til trening slik at han kan bli ein betre skiskyttar. For to veker sidan gjekk han ut i permisjon frå jobben i Sauda Installasjon. – Vi begynte å planlegge dette rett etter sesongslutt. Det var ikkje noko problem å få permisjon. I første omgang blir det fram til april neste år og så får eg forlenge den viss økonomien tillet det, forklarer 20-åringen. handeland trur ikkje det er urealistisk å nærme seg dei beste i verda. – Fartsmessig er eg ikkje langt unna på eit lite strekk, men eg har ikkje trening nok til å hevde meg heilt ennå. Eg treng meir styrke i armar og bein. Men når eg får trent skikkeleg er det ikkje urealistisk at eg kan komme meg ut i europa-cup. Det er målet, og seinare er det verdens-cup, stadfestar idrettstalentet. I fjor trente Robin Handeland 5-600 timar i løpet av året. Medan han fortsatt var i arbeid trente han i gjennomsnitt 15 timar i veka. Nå reknar han med at treningsmengda nærast skal doblast. Skiskyttaren ser fram til å kunne ha fullt fokus på treninga. Han hadde det tungt like før han gjekk ut i permisjon. – Det blei litt mykje. Eg blei sett ut av pollenallergi, gjekk eit dårleg testløp og mangla rett og slett restitusjon. Nå har eg fått betre tid og merkar at forma er stigande. Eg har persa på eit testløp og er ganske gira. Heilt herleg! meiner den blide Sauda-guten. |
|
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:40
Knuste konkurrentaneUngguten Gaute Kvåle slo andremann Nils Kristian Berge (til venstre) med nesten to minutt i laurdagens Saudasjøen rundt. Lars Kvåle blei nummer tre. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:36
Sauda på 48. plassRådmann Ann-Helen Eik-Nes (frå venstre), Jakob Svandal, Aslaug Tangeraas og Alan G. Thompson er fornøgd med at Sauda skårer høgt innan administrasjon i Kommunal Rapport sitt kommunebarometer. Men tala kan, ifølge Thompson, tolkast på fleire vis. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:31
Opna utbetra SvandalsvegOrdførar Laura Seltveit og fylkesordførar Tom Tvedt opna den nye vegen opp til Svandalen fredag. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:27
Jaktar på koristar til Jørn HoelMangel på erfaring er inga hindring. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:07
Bad om dialog – føler seg ignorertJon Hansen og Åbødalen Hytteforening skulle gjerne ha bidratt med både dugnad og pengar for å utbetra vegen mellom Jeskedalen og Buer. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:00
Skeptiske til fire nye årFleire sentrale politikarar stiller neppe til gjenval. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 09:50
Bind saman foreldre og skuleRagnhild Roth (til venstre), Solfrid Seim Nilsen, Gerd Olaug Garstad og Hege Michalsen i kommunalt foreldreutval inviterer til kurs om grensesetting. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 10:03
Lei av stadige overskridingarHøgres Ivar Tangeraas meiner fordyra kommunale prosjekt er eit hån mot både politikarar og skattebetalarar. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:59
Kritisk til politiberedskapStortingspolitikar Øyvind Vaksdal frå frp tykkjer ressurs-situasjonen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt ikkje er haldbar. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:56
Får skryt av NoradFairtrade-Sauda haustar godord frå Norad. Leiar Jens Jensen gler seg over rosen. Av Arvid Horpestad » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:53
Ingen vidare planar for HavnastovaDyr drift gjer at Sauda motorbåtforening kun vil bruke bygget som klubbhus. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:19
Ber om meir pengarRådmannen ber kommunestyret om til saman 3,7 millionar kroner ekstra til mellom anna gravplassen, sorteringsanlegget (biletet) og Fløgstad skule. Av Arvid Horpestad » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:16
Innbyr ikkje til leikMange av leikeplassane i Sauda står for fall. Av Julie Arnfred Bojesen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:12
Tilbyr trenarkurs til foreldreLeiar Rune Dolmen og Sauda Idrettslag vil sette kompetanseutvikling i system. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |






