Om oss

Ryfylke er ei lokalavis i Indre Ryfylke med Sauda som primærområde og der avisredaksjonen også har sine kontor. Avisa har vore i drift sidan 1926, sett bort frå at ho ikkje kom ut under heile andre verdskrig.

Avisa kjem i dag ut to gonger i veka, tysdag og fredag – i eit opplag på nær 2800 eksemplar. Dekningsprosenten er nær 100 prosent.

Ryfylke blir trykt på Stord hos Sunnhordland.