Laga julestemning

Første sundag i advent og julegateopning i Sauda, ja, då er det julestemning. Sjå filmsnutt.

Eit tynt snølag på bakken og klart, kaldt vêr har vore sjeldne opplevingar på julegateopningane i Sauda dei seinare åra. Følgeleg gleda mange seg over å sleppa paraplyar og regnklede på denne høgtidsdagen.

Så var det óg mange som møtte fram i sentrum då fakkeltoget gjekk gjennom gatene og fram til Rådhusplassen, der ein gjeng musikantar varma publikum med juletonar.