Åtvarar mot tiggarar

Ein ryfylkelesar har kontakta avisa og fortalt at utanlandske tiggarar, både kvinner og menn, har gått rundt på dørene i Sauda, blant anna på Fløgstad. Tipsaren er bekymra for om tiggarane er kriminelle og at eldre og einslege folk kan la seg lura. Politiet har ikkje fått meldingar om utanlandske tiggarar i Sauda.

– Det er ikkje lov å gå rundt og tigga. Og det er nok litt lurt å vera litt obs, ein veit aldri kva motiv dei har for å gå rundt på denne måten, seier politibetjent Eivind Aasheim.