Fleire barn – få hender

Helsestasjonen skulle gjerne hatt meir ressursar.

– Etter tilrådingane i ”Utviklingsstrategi for helsestasjons- og skolehelsetjenesten” har me ikkje nok ressursar for å gjera den jobben som blir forventa av oss, vedgår helsesøster Alicia Zuniga-Bø.

Ved helsestasjonen i Sauda er det i dag 2,3 årsverk, fordelt på tre personar. Desse tre har travle arbeidsdagar, der dei har ansvar for å følga opp til saman rundt tusen barn mellom 0 og 20 år.

– Mange trur me bare gir sprøyter til spedbarn, smiler Zuniga-Bø.

For, i tillegg til ti kontrollar av kvar barn det første leveåret, følger fleire kontrollar på helsestasjonen fram til skulestart. Deretter blir barna fulgt opp av skulehelsetenesta med kontrollar og vaksinasjonar – heilt til dei er ferdige på vidaregåande skule.