Politikarane tek sats

Stuper ut i satsinga på utebadeanlegg.

5,3 millionar kroner i 2013 og 5,3 millionar kroner i 2014 – til saman 10,6 millionar kroner. Dette er det kommunale bidraget til realiseringa av eit nytt utebadeanlegg ved Saudahallen. Då kommunestyret onsdag vedtok denne løyvinga, var det til nesten unison jubel. Berre Knut Saua frå Venstre stemte imot, i det han viste til den dårlege kommuneøkonomien.

Bernt Egil Strømme er ein av politikarane som med glede stemte for utebadeanlegget. Han trekker, mellom mange andre positive element, fram symbolverdien eit slikt anlegg vil ha.

– Då meiner eg verdiane som følger med, men som me ikkje direkte ser. Med dette anlegget får me vist at me er eit vitalt lokalsamfunn som satsar på turisme, ungdom og heile befolkninga, seier han til Ryfylke.