– Me opnar iallfall det nederste trekket. I tillegg vil det sjølvsagt vera full rulle i barnetrekket, fortel Lars Reidar Fosstveit, dagleg leiar i Sauda skisenter.
I løpet av kuldeperiodane dei siste vekene har skisenteret i Svandalen fått produsert mykje snø med snøkanonane sine, og har såleis lagt eit god grunnlag for all snøen som er kome den siste veka. Ifølge Fosstveit begynner forholda i bakken å bli ganske bra.
– Men det er for lite snø til at me kan opna trekka lenger oppe. Dessutan er det stor rasfare lenger oppe i fjellet. Snøen som er komen er tørr og har derfor ingen feste i botn, forklarer han.
Lars Reidar Fosstveit håpar på å ha vêret på si side dei komande dagane.
– Eg trur det skal bli ein fin dag i morgon, laurdag, bare det ikkje bles for mykje. Det er meld snø/sludd sundag og så litt vekslande mellom kulde og regn ut i neste veke. Me vil uansett halda fram med å produsera snø når det er kuldegrader, seier han.
Planen er at det også blir oppstart at skibåten-transport mellom Stavanger og Sauda i morgon, laurdag.
– Litt usikkert ennå, avhengig av kor mange som melder seg på, fortel Fosstveit. Skisenteret har ope for publikum seks timar laurdag.