– Vel anvendte pengar, seier verksdirektør ved Eramet Sauda, Kåre Bjarte Bjelland, og siktar til dei omlag 80 millionane Eramet har investert i å oppgradera reinsesystemet ved det 37 år gamle Manganese Oxygen Refining-anlegget, også kalla MOR-anlegget, ved smelteverket.
Etter at Eramet fekk kopla opp det nye reinsesystemet til MOR-stasjonen og starta opp igjen med produksjonen etter ein vel fire veker lang stans, har produktiviteten ved anlegget bare auka.
– I veke 49 sette me både ny vekerekord og ny døgnrekord. Rekordane gav ekstra stimulans og i helga sette me igjen nye rekordar, seier Bjelland.
Nøyaktige tal på dei gamle og nye rekordane vil han, grunna konkurransehensyn, ikkje ut med i pressa, men døgnproduksjonen ved anlegget ligg i fleire hundre tonnsklassen.