Kuttar tre stillingar

Politikarane skal spara pengar.

I budsjettmøtet i kommunestyret sette Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti to fellesforslag i så måte. Det eine forslaget er at ei stilling i kvar av områda teknisk eining, fellestenester og helse- og omsorg skal fjernast. Desse tre stillingane skal falla vekk ved naturleg avgang. Om nokon sluttar i sine stillingar, skal ein framleis vurdera å fordela arbeidsoppgåvene på andre tilsette før stillingane vert lyst ut.

Det andre forslaget er at rådmannen og administrasjonsutvalet (formannskapet pluss fagforeiningsrepesentantar) skal arbeida vidare gjennom 2013 for å redusera utgiftene/auka inntektene med ein million kroner.

Dette var forslag også Høgre og Framstegspartiet kunne slutta seg til. Dermed vart vedtaket i kommunestyret einstemmig.