*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder

Frå Ryfylke til NRK Rogaland

Saudakvinna Therese Espeland har fått jobb i NRK Rogaland.

Fredag i sist veke fekk Therese Espeland bekrefta at ho hadde fått jobben ho hadde søkt hos NRK Rogaland.
– Eg liker å prøve nye ting og utvikle meg som journalist, seier ho nøgd om stillinga som journalist og reportar på NRK sitt lokalkontor i Haugesund.
Saudabuen forklarer at ho ut året jobbar saudabuen som journalist i Haugesunds Avis, og rundt månadsskiftet januar/februar trer inn som fulltids NRK-journalist.

– Det er ein trong arbeidsmarknad som journalist, så målet er for meg som mange andre å få fast jobb. Eg er kjempeglad for å ha fått fast jobb i radio, seier Espeland, som utkonkurrerte alle dei andre jobbsøkarane til NRK-stillinga.

Ho gler seg til å starte i rikskringkastinga.
–Eg er relativt ny i dette, men sidan eg var i praksis i NRK Hordaland har eg hatt ein liten draum om å kome tilbake til NRK. Eg trivdest kjempegodt den gongen, og trur eg kjem til å trivast minst like bra i NRK Rogaland, seier Espeland forventningsfullt.

Les meir i papiravisa