førebur vasstetting

Førebur lekkasjetetting, innsverar køyrebanen på fylkesvegen

Fylkesveg 520 vert innsnevra i fjellskjeringa mellom Sandvik/Gausvik frå midtnatt sundag. Kommunen må tetta ein stor vasslekkasje.

– Ein stor lekkasje. Det går ut 600-700 kubikkmeter vatn i døgeret, seier avdelingsingeniør Ordin Søndenå i Sauda kommune om vasslekkasjen under fylkesveg 520 i fjellskjeringa mellom Sandvik/Gausvik.

Søndag kveld byrja Ole Johan Ilstad å rydda vegkantane i det aktuelle området for snø for å gjera klart til sølve lekkasjettinga.

– Me byrjar å grava klokka 24.00 i kveld, sundag, stadfestar Søndenå.

Fem personar vil då vera i arbeid utover natta.

– Vert det behov, tilkallar me fleire folk. Kor lang tid arbeidet vil ta, er usikkert. Men me går ikkje heim før lekkasjen er tetta, lovar avdelingsingeniøren.

Han håpar arbeidet kan gjennomførast utan at dei må stenga fylkesvegen for trafikk. Men vegbanen i den frå før tronge fjellskjeringa vil verta innsnevra medan lekkasjetettinga pågår. Dette er avklara med vegvesenet.

Abonnentane i området har hatt redusert vasstrykk i springen sidan lekkasjen oppstod fredag. Dxei høgastliggande husstandane har tidvis vore utan vatn.

Me set pris på at abonnentane tek problema med godt humør, skryt Søndenå.

Han fortel om ei vurdering som måtte gjerast om når arbeidet med å tetta lekkasjen skulle ta til. Lekkasjen var stor, og ville berre auka meir og meir. Og så var det eit retteleg styggever både laurdag og søndag, med store nedbørsmengder. Med tanke på at biltrafikken vanlegvis er liten på fylkesvegen i nattetimane mellom sundag og måndag, vart det altså bestemt å starta sjølve gravearbeidet ved midnatt sundag.