Meir papirarbeid for brukarane

Helse Fonna og Sauda Taxi har ikkje kunna vorte einige om pris på pasienttransport. Kundane må no sjølv sende inn reiserekning.

31. desember 2012 gjekk avtalen om kommunale taxiturar mellom Sauda Taxi og Helse Fonna ut. Dette betyr at betalingsordninga der Sauda Taxi ordnar rekningane frå pasienttransport innbyrdes med Helse Fonna ikkje lenger vert brukt.

Frå 1. januar skal pasienten sjølv sørge for å sende reiserekning for å få transporten dekka.

– Det er viktig å poengtere at dette ikkje vil føre til ekstra utgifter for brukarane, understrekar klinikkleiar ved Helse Fonna, Anne Hilde Bjøntegård.
Klinikkleiaren vedgår likevel at det vert meir upraktisk for dei som må bruke drosje av medisinske årsaker.
– Frå no av må brukarane sende inn reiserekning, drosjekvittering, stadfesting frå behandlar og oppmøtestadfesting for å få transporten refundert, forklarer ho.

Sauda er den einaste kommunen under Helse Fonna der det ikkje er inngått nokon ny transportavtale for pasientar.
– Me har vore i forhandlingar, men utan å få i land ein avtale. Grunnen er at prisen Sauda Taxi kan tilby er for høg i forhold til det Helse Fonna kan betale. Det vert billigare å betale vanleg taksameterpris, utdjupar Bjøntegård.