– Veldig kjekt. Dette trur eg blir veldig bra, seier Per Inge Fjellheim, Hovlandsnuten Opp-general i arrangørklubben IL Ny Von.
I romjula blei det klart at motbakkeutvalet i Norges friidrettsforbund tildeler IL Ny Von det eine av til saman sju løp i Necon Motbakkecup 2013. Saudaklubben sitt motbakkeløp, Hovlandsnuten Opp, som blei arrangert for første gong i 2007, hadde også norgescupstatus i 2010 og 2011. Narve Heggheim i motbakkeutvalet i friidrettsforbundet seier at det er fleire årsaker til at løpet i Sauda får norgescupstatus også i år.
– Hovlandsnuten Opp har levert gode arrangement begge dei to tidlegare åra. I tillegg må løpa i norgescupen fordelast geografisk, og me må ta omsyn til tidspunkt for løpa og variasjonar i løypetrasear. Summen av desse kritera gjorde at Sauda blei valt nå igjen, forklarer Heggheim.