Seinkar farten på lyntog

Samferdsleminister Marit Arnstad frå Senterpartiet ser andre og viktigare behov og oppgåver på samferdsleområdet enn lyntog. Ho vil først bygga ut jernbanenettet rundt storbyane, og særleg i Oslo-området.

– Eg har vanskeleg for å sjå at det er muleg å prioritera lyntog og høgfartstog i den økonomiske situasjonen me er i, seier Arnstad til NRK, ifølge NTB.

Statsråden er ikkje i tvil om at jernbanen er viktigast rundt dei store byane, for å kunna frakta folk til og frå arbeid og for å spreia veksten rundt dei store byane.