*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/AvisbilderArkiv: Redaksjon/AvisbilderArkiv: Redaksjon/Avisbilder

Treng personell til dagambulansen

Helse Fonna og Sauda kommune leitar etter folk til å bemanna dagbilen i Sauda fullt ut.

– Me er lova dagambulansebil i vinterferien og i påskehøgtida – og elles så mykje som det er muleghet til, oppsummerer Høgres Ivar Tangeraas etter møtet med Helse Fonna.

I dag, måndag, kom direktør og klinikkdirektør i Helse Fonna til Sauda for å snakka om dagambulanse-beredskapen i Sauda. Helse Fonna varsla like før jul i fjor at dei ville legga ned dagambulansen frå nyttår, men utsette denne avgjerda.

Ordførar Frode Sulen og Tangeraas sit etter møtet måndag att med eit inntrykk av at Helse Fonna har eit oppriktig ønske om å oppretthalda dagambulansen i Sauda. Utfordringa for helseføretaket er imidlertid mangel på kvalifisert personell med fagbrev.

– Eit positivt møte og ein grei dialog, seier Tangeraas om måndagens møte.

Partane er einige om å arbeida for å skaffa slikt personell. Kommunen skal bruka sitt Adresse Sauda-nettverk, og sine nettverk elles. Helse Fonna vil gjera tenesten i Sauda endå meir attraktiv, mellom anna ved å la personalet på dagambulansen vera med til sjukehuset i Haugesund i staden for å returnera frå Ølen som i dag. Slik vert tenesta gjort meir operativ, attraktiv og utfordrande.

– Nå skal det utarbeidast ein ROS-analyse (risiko- og sårbarhetsanalyse), og så skal kommunen sine folk gå gjennom denne og koma med innspel, forklarer Sulen.

– Me er ikkje tilfredse med at det vert ein av og på-dagambulanse, presiserer ordføraren.

Men han har god tru på at arbeidet med å rekruttera fagpersonal vil lukkast. Lukkast det før sommaren, vert dagambulansen umiddelbart sett inn att i vanleg teneste.

– Slik er situasjonen, inntil vidare. Masse arbeid ventar framover. Skulle me ikkje lukkast før sommaren, får me ta det frå der, kommenterer Frode Sulen.

Korkje ordføraren eller Tangeraas er komfortable med at dagambulansen inntil vidare ikkje vil vera i full drift. Men dei strekar begge under alvoret Helse Fonna møter situasjonen med, og viljen føretaket viser til å finna løysingar.