Lys heile vegen

No er det gatelys heilt fram til Lona.

– Kjempehonnør til vegvesenet og til teknisk eining i kommunen, skryt ordførar Frode Sulen.

På forvinteren i fjor vart det sett lys i dei nye gatelysa frå Birkeland og fram til sorteringsanlegget. I møte med vegvesenet tok då ordførar og kommunalsjef teknisk, Anders Skaarer, opp ønsket om å setta opp lys også det resterande stykket til Lona. Dette for at dei mange som bruker turstien i området skulle få gå på ein opplyst fylkesveg mellom Lona og sorteringsanlegget. Teknisk eining vart med på eit spleiselag, og nå er gatelysa montert.

– Dette var verkeleg gode nyheter, seier ein glad ordførar.